Skip to main content

Vandretur på paradisøya Madeira

12. - 19. november 2024.

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer.

Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene.

Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vandreturane varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 12. november - Velkommen til Madeira

    Avreise frå Oslo på ettermiddagen. Vel framme på flyplassen i Funchal seint på kvelden, tek bussen oss med til Hotel Girassol i kystbyen São Martino. Hotellet ligg berre 6 minuttars gonge frå stranda og har eit veldig fint uteområde med hage og fleire basseng. Vi kjem fram på hotellet seint, så vi sjekkar inn og får ein god natts søvn.

  • Dag 2: Onsdag 13. november - Byvandring i Funchal

    Vi et ein god frukost før vi gjer oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal, som ligg svært nærme hotellet vårt. Der tek reiseleiaren og den lokale guiden vår, Nelio, oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta gjev eit godt grunnlag for å utforske byen på eiga hand seinare.

    Vi startar med å gå gjennom ein svært vakker park og får elles med oss eit besøk i den flotte katedralen frå 1514 med namnet Sé. Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.

    Vi går gjennom den fargerike marknadshallen og her kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fiska i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle Espada-fisken den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt smake på under opphaldet.

    Lunsj på eiga hand, men guiden vår har bestilt bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant, for dei som ønsker å vere med på det.

    Etter lunsj skal vi besøke den gamle delen av byen. Her går vi innom eit madeiravinhus. Der får vi lære om historia til vinen og korleis han blir produsert og lagra. Her får vi smaksprøvar.

    Vi kjem oss tilbake til hotellet på eiga hand og resten av ettermiddagen står til eigen disposisjon. Vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre. Den som vil kan gå saman med reiseleiar tilbake til hotellet. Elles er det mogeleg å ta både rutebuss og taxi. Elles har ein mogelegheit til å nyte det flotte bassengområdet på hotellet vårt.

    Vi møtest til eit kort informasjonsmøte om neste dag, før vi et middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Torsdag 14. november - Vale Paraiso og Monte

    Denne morgonen startar vi med tur på levadaen Vale Paraiso. Bussen køyrer oss oppover fjellsida over Funchal. Vandreturen går gjennom den grøne Paradisdalen (Vale Paraiso) med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen opplever vi forskjellige lukter som eukalyptus, gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre. Det er flott å vandre i denne rike floraen i det vakre og spesielle landskapet. Vandreturen denne dagen er nokså lett, med ein distanse på om lag 7 km. Ver obs på at det er noko bratt nedover mot slutten av turen. Vi får i oss litt mat og forfriskingar på vegen i form av matpakke denne dagen.

    Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen på dei bratte vegane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn som er kledde i kvite klede og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa, eller ein kan ta gondolbana som går ned att til Funchal. Bussen går til slutt til sentrum av Funchal, kor alle blir plukka opp og transportert attende til hotellet

    Vi samlast til eit kort informasjonsmøte om neste dag før vi et middag på hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 15. november - Levada do Norte og Camara de Lobos

    Vi tek buss frå hotellet etter frukost for å nå utgangspunktet til dagens vandring. Turen går langs den lengste vatningskanalen på øya, med vakker utsikt over sørvest-kysten. Dette er ein moderat tur på om lag 10 km i roleg gonge, på flat sti.

    Bussen hentar oss ved endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos. Her befinn vi oss i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. På vegen hit stoppar vi innom Cabo Girão, kor dei som vil kan betale ein liten sum for å gå ut på det spektakulære utsiktspunktet for å sjå. Dette er verdens nest høgste sjøklippe, og ein kan sjå langs sørkysten av Madeira.

    Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj i Camara de Lobos (ikkje inkludert). Bussen hentar oss i Camara de Lobos etter lunsj og litt fritid, og køyrer oss attende til hotellet.

    Vi tek eit kort informasjonsmøte om neste dag før vi et middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 5: Laurdag 16. november - Busstur rundt øya

    Denne dagen skal vi utforske den vestre ville og vakre delen av Madeira. Bussen køyrer frå Funchal og først austover på øya, der vi får sjå eit fantastisk klippelandskap. Turen går vidare langs nordkysten, der vi verkeleg kan oppleve kva for naturlandskap Madeira har å by på. Vi besøker landsbyar med dei karakteristiske husa på øya, blant anna Santana, før vi køyrer forbi São Vicente ved nordkysten. Vi følger kystlinja vidare, med ei praktfull utsikt utover Atlanterhavet, til vi når Porto Moniz.

    Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god felleslunsj (inkludert i turprisen). Det blir tid til å utforske byen litt på eiga hand og det er også mogeleg å ta seg eit bad her, dersom bassenget er ope (dette kjem an på været og bølgene). Det kostar om lag 3 Euro for inngangsbillett til badinga.

    På turen tilbake til Funchal køyrer vi over fjellet, nesten heilt på vestsida av øya. Vi køyrer nedover mot den vesle byen Calheta. Her besøker vi ein kjend sukkerrøyrfabrikk, kor dei produserer rom. Det er mogeleg å kjøpe seg ein smaksprøve her. Vi besøker også ein bananplantasje, før bussen tek oss tilbake til hotellet vårt. På turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs. 

    Tilbake på hotellet slappar vi av og kosar oss før vi møtest til eit kort informasjonsmøte om neste dag, etterfølgt av middag der.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Søndag 17. november - Lombo dos Marinheiros

    Vi startar dagen som vanleg med buss frå hotellet etter frukost. Turen langs levadaen denne dagen er særleg sjarmerande. Her får vi oppleve ei blanding av lokal flora og fauna samt vakker utsikt, som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Turen er om lag 7 km. Vi tek med oss nistepakke frå hotellet som vi et ved eit fint utsiktspunkt etter vandreturen.

    Vi samlast til eit kort informasjonsmøte om neste dag, før vi denne kvelden skal oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke. Bussen tek oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-retters middag. Hovudretten er dei berømte, lange, grillspyda. Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi deltek.

    Bussen køyrer oss attende til hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Måndag 18. november - Levada dos Maroços

    I dag går vi ein tur på om lag 3 timar i roleg tempo med gode pausar på levadaen dos Maroços, som også vert kalla Mimosa-dalen. Turen er på om lag 6,5 km og går gjennom ein av dei mest frodige dalane på øya. Undervegs på turen kan vi sjå mykje dyrka mark og avlingar, med dei typiske «Poios Madeirenses», altså landbruksterrassar. Vi får sjå folk i aksjon på gardane sine, medan dei utfører sine vanlege arbeidsoppgåver. Turen går også gjennom frodig skog og vi får til og med fin utsikt over byen Machico. Undervegs fin vi små bodar med eksotisk frukt, som det er mogeleg å kjøpe litt frå.

    Vi har med oss nistepakke frå hotellet denne dagen. Denne et vi på ein passande stad etter vandreturen. Hugs å ta med badekle, då det kan bli mogelegheit for eit bad på ei strand i Machico. Vi er tilbake på hotellet i god tid, og då kan ein nytte fritida til å slappe av, eller kanskje ta ein tur inn til sentrum av Funchal.

    Felles avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Tysdag 19. november - Heimreise

    Etter frukost denne dagen tek bussen oss frå hotellet til flyplassen. Fly frå Funchal til Oslo om morgonen og vi er framme i Oslo om ettermiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
12/11OsloMadeiraMeir enn 818 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo