Skip to main content

Beatles-tur til Liverpool

1. - 5. juni 2023.

Med kåseri av Bård Ose.

Bli med på ein underhaldande Beatles-tur til Liverpool! Dette er ein av turane vi får aller best tilbakemeldingar på. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Beatles og dei andre kjende musikarane frå byen. Vi besøkjer sjølvsagt legendariske Cavern Club og får oppleve stemninga på Penny Lane og magiske Strawberry Fields. Elles får vi vite kven Eleanor Rigby eigentleg var og mykje anna om livet og musikarane i denne legendariske musikkbyen. Og ein tur med «Ferry across the Mersey» står naturlegvis på programmet. Det blir mange konsertar med fantastiske cover-band som spelar Beatles-musikk så likt originalen at ein skulle tru ein var tilbake på slutten av 60-talet.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 1. juni - Avreise til Liverpool og rusletur i sentrum

    Avreise frå Oslo og Bergen om morgonen. Vi er framme på flyplassen i Manchester om føremiddagen, og bussturen inn til hotellet vårt tek rundt ein time. Etter at vi har slappa litt av på hotellet, vert det kåseri av Bård Ose om Beatles og Liverpool-musikken. Bård vil ta for seg ulike aspekt ved The Beatles i desse foredraga, alltid med låtsnuttar, og alltid med gode historier og anekdotar om bandet.

    Etterpå tek Beatles-guiden Jackie oss med på ein kort rusletur i sentrum, før det vert fellesmiddag ein restaurant i nærleiken. Vi er så heldige å ha med oss Beatles-eksperten Jackie Spencer på heile turen. Ho vil ta oss med til dei store Beatles-attraksjonane, og ho kan alt av historier om bandet og dei andre kjende musikarane frå byen. Etter middag kan dei som vil, gå på Cavern Club der Beatles spelte mange hundre gonger tidleg på 60-talet. Stemninga frå den tida sit framleis i, så her er det berre å drøyme seg tilbake til 60-talet.

    Vi avsluttar denne guida turen på den koselege puben Love Lane Brewery, der vi skal ete felles middag. Her blir det også livemusikk om kvelden.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 2. juni - Penny Lane, Strawberry Fields, St. Peter's Church og The Casbah Coffee Club

    Beatles-kåseri av Bård Ose på morgonen. Avreise med buss frå hotellet rett etterpå. Dette er dagen for den store Beatles-turen med buss rundt i Liverpool. Guiden vår, Jackie, tek oss med til dei kjende Beatles-attraksjonane som Penny Lane, magiske Strawberry Fields, husa til bandmedlemmer og fleire andre stader med tilknyting til The Beatles. I tillegg får vi høyre om Liverpool si lange historie som hamneby og om renovasjonen av byen som har skjedd dei siste tiåra. Slitne hamneområde har vorte opprusta, og på det mest kjende, Albert Dock, er det no mange museum, restaurantar og barar.

    Det vert felles lunsj undervegs på det nye infosenteret ved Strawberry Field, og vi besøkjer St. Peter’s Church i Woolton, kyrkja der Lennon og McCartney møttest for første gong. Det blir også omvising på kjende The Casbah Coffee Club, der vi får møte ein av brørne til Pete Best. Han fortel om då kjellaren i huset vart ein provisorisk klubb og om opningskvelden for kjellarklubben, der The Quarrymen, skulebandet til the Beatles, spelte. Før opninga måtte John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ken Brown måle kjellarlokala sjølve, og dei teikna inn stjerner, edderkoppar, dragar og regnbogar i tak og vegger som ein framleis kan sjå.

    Denne dagen får vi møte Colin Hanton, som var trommeslagar i The Quarrymen og spelte saman med the Beatles. Han var med i bandet frå 1956 til 1959 med blant andre John Lennon, Paul McCartney og George Harrison. Her vert det ein eineståande sjanse til å spørje om det ein måtte lure på om den første tida før dei vart berømte.

    Bussen tek oss tilbake til hotellet om ettermiddagen, og vi får nokre timar til å slappe av på hotellet før middag. Her er det også tid til byvandring på eiga hand for dei som ønskjer det, eller kanskje litt shopping. Hotellet vårt ligg rett ved sida av Liverpool One, byens beste og mest kjende shoppingsenter.

    Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren til ein koseleg restaurant rett ved hotellet.
    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 3. juni - The Beatles Story og Ferry Across the Mersey

    Etter frukost møtest vi i konferanserommet på hotellet og høyrer Bård Ose fortelje anekdotar om Beatles og songane deira. Han har store kunnskapar om Beatles og tek gjerne imot ønske frå salen om kva song eller Beatles-medlem han skal fortelje om. Deretter går vi samla til Beatles-museet, The Beatles Story, som ligg rett ved hotellet vårt. På museet får vi høyre om heile Beatles si historie, frå før dei slo gjennom til tida etter gruppa vart oppløyst. Det ligg dessutan ved det restaurerte hamneområdet Albert Dock, som er blitt eitt av dei vakraste strøka i Liverpool etter restaureringa. Her er det også mange restaurantar og barar.

    Etter at vi har gitt oss god tid inne på museet, tek vi lunsj på eiga hand. Etter lunsj går vi langs hamna til The Ferry Across the Mersey kjend frå Gerry and the Pacemakers sin song med same namn. Fleire kjenner den sikkert også i Vazelina Bilopphøggers sin versjon, «Ferje over Mjøsa». Denne ferja er ikkje først og fremst ei turistrute, men blir mest brukt av lokalbefolkninga. Båtturen tek ein liten time, og vi får også sjå litt av dagleglivet i Liverpool, sidan mange framleis tek ferja til og frå arbeid. (Denne ekskursjonen med ferja er ikkje inkludert i turprisen. Den kostar 150 kroner, og kan bestillast som tillegg.)

    Middag på eiga hand. Etterpå tek vi kanskje ein pint på The Grapes Pub der Beatles brukte å møtast. Dei som vil vere lengre ute denne kvelden, kan teste rockefoten på The Cavern Club eller på ein av dei andre utestadene i Mathew Street. Ein ny bar (Sgt Peppers) med Beatles-tema har opna i den kjende utelivsgata. Her er det både restaurant, eit Beatles-museum og ein konsertstad med coverband som spelar Beatles-musikk, så det kan også vere eit godt alternativ denne kvelden.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 4. juni - Historisk pubrunde

    Bård Ose underheld oss på hotellet om morgonen med forteljingar frå den liverpoolske pophistoria. På føremiddagen er det sett av tid på eiga hand. Nokre vil kanskje bruke tida til å handle eller berre slappe av og nyte atmosfæren i byen.

    Om ettermiddagen møter Jackie oss på hotellet og tek oss med på ein vandretur rundt i Liverpool sentrum. Jackie har vore Beatles-guide i fleire tiår og veit alt om Liverpool-musikken. Ho tek oss med på ein historisk pubrunde der vi kan smake på tradisjonelt øl, lokal real ale. På Liverpool sine eldste pubar får vi med oss noko av den same atmosfæren som dei norske sjømennene i lange tider har opplevd i byen. Vi avsluttar runden på ein av favorittpubane til Beatles, The Philarmonic. Dette er ein ærverdig, gammal Liverpool-pub som er nesten uendra frå den vart bygd på slutten av 1800-talet. Då John Lennon vart spurt kva han sakna mest frå livet før han vart berømt, svara han kort: Å ta ein øl på The Phil.

    Om kvelden går vi saman til avslutningsmiddag på ein koseleg restaurant som ligg nær hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 5. juni - Heimreise

    Avreise frå hotellet til flyplassen om føremiddagen. Flyet går frå Manchester. Framme i Oslo om kvelden. Transfer til Bergen, Stavanger og andre byar på førespurnad.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
1/6BergenLiverpool417 950,-BestillMer informasjon
1/6OsloLiverpoolFullbooka, venteliste15 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo