Skip to main content

Cruise til Færøyane og Island med Tore Skeie

14. - 26. August 2027 

Velkommen med på cruise til Færøyane og heile vegen rundt Island!

Vi startar med fly til Skotland og buss til Dundee, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til Runavik på Færøyane like utanfor hovudstaden, Torshavn. Skipet set så kurs nordover mot Reykjavik på Island før turen går rundt heile sagaøya til byane Isafjordur, Akureyri og Seydisfjordur. Deretter seglar vi sørover igjen og returnerer til Dundee.

Historikar og forfattar, Tore Skeie, held foredrag undervegs på båtturen. Han har skrive fleire sakprosabøker om mellomalderen, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. No har han kome ut med ei ny bok, Hardråde, om Harald Hardråde sitt liv og reiser. Vi kan på det sterkaste anbefale denne boka.

Bli med på ei innhaldsrik reise til dei vakre øyane i vest, der vi både kjem nært innpå historia og livet på øyane i dag. Dette blir eit minne for livet!

Søk

Viktig Informasjon

  • Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden  må fyllast ut på nettet av den reisande sjølv (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.
  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er eigna for deg.
  • På havcruise er vi utsette for vêr og andre hendingar vi ikkje rår over. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

Om skipet – Ambition

Ambition

Ambition er eit triveleg og oversiktleg cruiseskip som gir ei ekte britisk cruiseoppleving – uformell, vennleg og med god stemning om bord. Skipet vart totalrenovert i 2023, har 680 lugarar og plass til rundt 1200 passasjerar. Om bord finn vi ti gjestedekk og seks heisar, og eit breitt utval av fasilitetar som passar både dei som vil slappe av og dei som ønskjer aktivitetar mellom utfluktene.

Skipet har fleire restaurantar, barar og salongar, i tillegg til shoppingsenter, bibliotek, handverksrom, treningsrom og spa-avdeling med sauna og dampbad. Det finst også symjebasseng og boblebad. På kveldstid blir det underhaldning i hovudsalen, med alt frå show til livemusikk.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 14. august - Vi reiser til Dundee

    Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til Edinburgh og Aberdeen. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset og flyr til byar i Scotland. Bussane våre hentar oss på flyplassane og tek oss til den sjarmerande byen Dundee (for dei som kjøper reisa med fly).

    Dundee er ein triveleg by ved breidda av elva Tay, og dei siste åra har han fått fornya merksemd som ein av dei mest spennande kulturbyane i Skottland. Hamneområdet har gjennomgått ei stor fornying, og i dag finn vi både hyggelege promenadeområde og den prisvinnande museumsbygningen V&A Dundee her. Byen er kjend for oppdagartradisjonar, designmiljø og sin litt rampete humor, og ikkje minst som utgangspunkt for ekspedisjonsskipet Discovery, som du kan besøke på Discovery Point. I sentrum finn ein små butikkar, kafear og museum, og byen er akkurat passe stor til at ein enkelt kan gjere seg kjend på ein ettermiddag. Ein perfekt startstad før eventyret vårt i vest.

  • Dag 2: Søndag 15. august - Dundee og om bord på cruiseskipet Ambition

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å sjekke inn. Det går frå kaien i London (Tilbury) seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Ambition er eit triveleg cruiseskip med ein varm og uformell britisk atmosfære. Skipet vart nyleg pussa opp og har eit breitt utval av restaurantar, barar og hyggelege salongar.

    Etter avgang møtest vi i ein av barane og feirar starten på reisa. Det blir ein introduksjon av Tore Skeie og alle reiseleiarane. Dermed går vi til restauranten og den første middagen om bord. Vi har vår eigen seksjon i restauranten, og kan nyte maten medan skipet seglar ut frå hamna og svingar nordover langs den skotske austkysten. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot Færøyane.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Måndag 16. august - Ein dag til sjøs langs austkysten av Skottland

    Vi seglar nordover austkysten av Skottland og kjem etter kvart ut i rom sjø. Her får vi det første kåseriet av Tore Skeie. Tittel kjem!

    Ambition er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle fasilitetane om bord. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det også shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 17. august – Klaksvik, Færøyane

    Skipet tek oss med nordover til Klaksvik på Færøyane denne dagen, og ruta vi følgjer, har nok blitt brukt mange gonger heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. Vi legg opp til kåseri av Tore Skeie også denne dagen. Tema blir bestemt seinare.

    Klaksvík ligg vakkert til blant bratte fjell og stille fjordar, og er ein av dei mest særprega småbyane på Færøyane. Her får vi eit møte med kvardagslivet på øyane, tett på naturkreftene og den rike øykulturen. Byen er kjend for fiskeritradisjonar, lokal stoltheit og eit sterkt kulturliv, og mange meiner at Klaksvík viser «det ekte Færøyane» på sitt aller beste.

    Langs hamna ligg små kafear, butikkar og verkstader, og frå sentrum kan vi sjå fleire av dei markante fjelltoppane som rammar inn byen. Kyrkja Christianskirkjan, med sin vakre arkitektur og særs gode akustikk, er eitt av dei mest kjende landemerka. I Klaksvík får vi både ro, nærleik og ei ekte kjensle av å vere på besøk hos våre gode naboar ute i havet.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Onsdag 18. august – Runavik, Færøyane

    Om morgonen kjem vi fram til vesle Runavik med berre 575 innbyggjarar. Sjølv om byen er liten, er det fleire kafear her, og små butikkar med lokalt handverk, garn og ferdige strikkeprodukt.

    Berre 15 min køyring unna Runavik ligg hovudstaden Torshavn. Dit kan ein ta seg på eiga hand eller på utflukt med cruiseselskapet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Torshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. I Torshavn anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

    Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie. I tillegg har Færøyane tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Torsdag 19. august – Mot Island

    Vi nærmar oss Island og første stopp på rundturen rundt Sagaøya, Reykjavik. Vi legg opp til kåseri av Tore Skeie også denne dagen. Tema blir bestemt seinare.

    Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget om veret tillèt det.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Fredag 20. august – Reykjavik, Island

    Tidleg om morgonen seglar skipet langs sørkysten av island forbi Vik i Myrdal og Vestmannaøyane før vi kjem fram til hovudstaden, Reykjavik.

    Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi kan for eksempel anbefale eit besøk i den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er ein heldig, får ein kanskje med seg ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen var ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå er det kort veg til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa.

    Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.

    Eit anna alternativ for dei som er historieinteresserte, er Islands nasjonalmuseum. Ein kan også besøkje Sagamuseet som viser landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum for å oppleve folkelivet. Ein kan også melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet mot tillegg i turprisen.

    Om kvelden blir det middag i hovudrestauranten medan vi startar seglasen rundt Island.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Laurdag 21. august - Isafjordur, Island

    Neste morgon får vi morgonkåseri med Tore Skeie på veg inn til Isafjordur heilt nordvest på island. Byen har om lag 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelssentrum i vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkjande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjördur og den imponerande fossen Dynjandi.

    Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafe eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet til attraksjonar i nærleiken.

    Avreise om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot aust i retning Akureyri.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Søndag 22. august - Akureyri, Island

    Om natta har skipet teke oss langs nesten heile nordkysten av Island. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også universitet.

    Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjarane meiner dei har det beste veret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eitt av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja kan også anbefalast.

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafé eller besøkje ein av dei koselege butikkane i byen.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

  • Dag 10: Måndag 23. August - Seydisfjordur, Island

    Vi får eit nytt morgonkåseri med Tore Skeie medan skipet seglar inn til Seydisfjordur. Byen vart bygd av norske fiskarar på 1800-talet, og mange av dei gamle trehusa er bevarte. I dag er det berre om lag 800 fastbuande. Her har vi god tid til å gjere oss kjende i byen og rusle rundt i dei koselege gatene. Sjølv om byen er liten, finst her fleire kafear, og her er også butikkar som sel typiske islandske strikkegenserar og anna handverk.

    Aust-Island har fantastisk natur, og cruiseselskapet legg opp til ulike utflukter denne dagen. Meir informasjon om desse turane kjem seinare.

    Avreise seint om ettermiddagen. Denne kvelden seglar skipet nedover austkysten, og vi legg Island bak oss og set kursen mot Shetland. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang ute på det opne havet.
    (F, L, M)

  • Dag 11 og 12: Tysdag 24. og Onsdag 25. august - Til sjøs

    Ute på det opne hav får vi kåseri av Tore Skeie. Tema blir bestemt seinare.

    Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddag og ettermiddag. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget om veret tillèt det.

    Om kveldane møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 13 : Torsdag 26. august - Dundee

    Om morgonen seglar vi roleg inn til Dundee. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassane. Avgangar til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
14/8BergenAmbitionMeir enn 841 950,-BestillMer informasjon
14/8OsloAmbitionMeir enn 839 950,-BestillMer informasjon
14/8StavangerAmbitionMeir enn 841 950,-BestillMer informasjon
14/8TrondheimAmbitionMeir enn 841 950,-BestillMer informasjon
14/8DundeeAmbition
Utan flyreise
Meir enn 837 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo