
7. - 13. oktober 2026.
Paris - La Roche Guyon - Caudebec en Caux - Honfleur - Rouen - Paris.
Fotefar Temareiser er svært glade for å kunne tilby eit heilt nytt cruise på Seinen saman med Herborg Kråkevik og Gunnstein Akselberg.
Herborg Kråkevik er ein av våre mest folkekjære artistar. Ho har ein karriere som spenner over teater, musikk, film og litteratur og er kjend for sine tolkingar av norske folkeviser og klassiske songar. I tillegg har ho gjort stor suksess med framsyningar med Edith Piaf songar. På elvecruiset vil ho halde minikonsertar og dele historier frå sitt rike kunstnarliv – med både humor, alvor og musikk som rører.
Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap. Han er nok mest kjend frå NRK i programmet «Eides språksjov» der han med store kunnskapar formidlar språkspørsmål på ein spennandane og lun måte. På elvecruiset vil han halde kåseri om dei mange språklege og kulturelle banda mellom Frankrike og Norge.
Turen startar og blir avslutta i Paris. Vi opplever idylliske Honfleur, historiske Rouen, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet og dei vakre småbyane La Rouche Guyon og Caudebec en Caux. I tillegg får vi med oss viktige attraksjonar i Paris.
På elvecruiset har vi heile båten til gruppa vår og bur godt på MS Seine Princess, ein hyggeleg elvebåt med 67 utvendige lugarar. Dei har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition, og elles er mat og drikke om bord inkludert i turprisen.























