Skip to main content

Mitt Sicilia med Marie Olsson Nylander

15. - 19. oktober 2026.

Marie Olsson Nylander er ein av Skandinavias mest anerkjende interiørprofilar, kjend for si unike evne til å kombinere skandinavisk minimalisme med varme, fargar og personlegdom. Ho har i ei årrekke inspirert eit stort publikum, blant anna gjennom prosjekta sine på TV, som Husdraumar på Sicilia på NRK og Den italienske husdraumen på HBO og TVNorge.

På denne reisa får du oppleve Sicilia slik Marie sjølv opplever øya – nært, autentisk og estetisk. Marie deler av sine erfaringar og kjærleiken til det ekte og handlaga, og  ho tek oss med heim til Palazzo Cirillo og det siste prosjektet hennar: 1-euro-huset i Sambuca. I tillegg blir ho med oss til den beste vintagemarknaden i Palermo.

Sicilia betyr mykje for Marie, og øya rommar alt ho elskar: lag på lag med historie, fargar, arkitektur, menneskeleg varme og små detaljar som ber spor av liv og tradisjon. Der andre ser gamle, fråflytta bygningar og ruinar, ser ho moglegheiter og skjønnheit. Dette blir ei inspirerande reise der interiør, kultur og Marie sitt engasjement og glød skaper minne for livet.

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 15. oktober - til Sicilia, øya som rører ved alle sansar

    Fly frå Oslo via Wien til Palermo. Vi får ein kort busstur til hotellet før vi sjekkar inn på vårt 4-stjerners Hotel i område Politeama. Etterpå er vi klare for første kveld i historiske Palermo, og vi kan nyte atmosfæren, luktene, lydane og stemninga som gjer byen heilt unik.

    Byen Palermo har ei rik historie påverka av mange kulturar, noko som kjem til syne i byens arkitektur. Her er det mykje å oppdage. Du kan oppleve det livlege og autentiske gatemarknaden, Ballarò-marknaden, besøke kyrkjer og museum. Palermo er ein smeltedigel av kulturar og stilartar – frå arabisk-normannisk prakt til barokkens overdådigheit. Når ein vandrar gjennom byen ser vi ikkje berre fasadane, men vi kan også gå inn i nokre av dei vakre bygningane og oppdage skattane som gøymer seg bak portane.

    Reiseleiarane kjem med anbefalingar om attraksjonar og bydelar ein bør oppleve. Mercato delle Pulci i gamlebyen er kjend for sine mange antikkforretningar. Corso Vittorio Emanuele, Via Maqueda, og Piazza San Domenico har også mange antikk- og vintage-butikkar der ein kan gjere gode kjøp.

  • Dag 2: Fredag 16. oktober – Termini Imerese og Palazzo Cirillo

    Etter ein lang og god frukost dreg  vi til Palazzo Cirillo, velkjend frå NRK-serien Husdraumar på Sicilia. Marie og familien hennar kjøpte Palazzo Cirillo i 2017, og renoveringsprosjektet av det 300 år gamle palasset har gått føre seg over fleire år. Den tilhøyrande hagen har etter renoveringa blitt ei unik perle, som vi også skal få lov til å besøke. Her skal vi få høyre Marie fortelje om huset og hagen, og samstundes får vi nyte nystekt pizza og noko godt i glaset.

    Etter besøket hjå Marie ruslar vi videre til eksklusive Palermo Atelier. Der får vi ein omvisning og høyre deira historie om eksklusive vintageprodukt som Muranoglass, vintageklær mm som òg er til salgs.

    (F, L)

     

  • Dag 3: Laurdag 17. oktober – Vingårdsbesøk og huset til Marie i Sambuca

    Etter ein lang og god frukost skal vi besøke ein av vingardane anbefalt av Maries mann, Bill. Der skal vi på vinsmaking og lunsj. Vidare dreg vi til Sambuca, der han og Marie har kjøpt eit hus for ein euro. På vegen til Sambuca vil Marie fortelje om korleis dei har gått fram med kjøp og renovering. Éin-euro-hus er bustader som er relativt forfalne, som italienske styresmakter sel for éin euro for å gjenopplive landsbyar. Huset i Sambuca blir også dokumentert via NRK og går også på andre tv-kanalar og strømmetjenester.

    Vi avsluttar dagen med eit nydeleg måltid i uteområdet til Marie i Sambuca, før vi reiser tilbake til Palermo.
    (F, L, M)

  • DAG 4: Søndag 18. oktober – Vintagemarknad med Marie

    Denne føremiddagen skal Marie ta oss med til sitt favoritt-vintagemarknad, søndagsmarknaden i Palermo. Atmosfæren er livleg og fargerik, og det er ein populær stad både for lokalbefolkninga og turistar som likar å leite etter unike funn. Her har Marie gjort fleire eigne innkjøp til Palazzo Cirillo gjennom åra, og ho deler gjerne nokre av sine tips. Når Marie er på marknaden, ser ho detaljar som andre kanskje overser. Sicilia gjev henne energi og idear - fargar, former, material og historier som finn vegen inn i designverda hennar. Vi får sjansen til å kjøpe med oss noko heim, men like viktig er det kanskje å oppleve sjølve marknaden, som har over hundre års historie i denne delen av byen.

    Vi avsluttar turen på marknaden med ein hyggeleg lunsj med Marie.
    Resten av dagen står til fri disposisjon, og middag er på eiga hand. Reiseleiarane kjem med tips om hyggelege restaurantar nær hotellet.
    (F, L)

  • Dag 5: Måndag 19. oktober – Frå Palermo til Oslo

    Etter frukost er det på tide å ta farvel med Palermo og Sicilia. Bussen vår køyrer oss til flyplassen, og vi set kursen tilbake til Norge– rikare på opplevingar, inntrykk, vennskap og kanskje med nokre vintage-funn i bagasjen.
    Vi landar i Norge tidleg på kvelden.

    (F)

  • Viktig informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/10OsloSiciliaMeir enn 829 950,-BestillMer informasjon
15/10Sicilia
Utan flyreise
Meir enn 824 900,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo