Skip to main content

Færøyane

Eit besøk til Færøyane er ei stor oppleving. Dei djupe grønfargane mot det blåsvarte havet har fascinert tilreisande nordmenn heilt frå vikingtida. Meir ukjent er det at dette er ein lett tilgjengeleg og godt tilpassa destinasjon til møte/kurs/konferansemarknaden og bedrifter som ønskjer å ta med kundar eller tilsette på ein tur der lagbygging og kunnskap står i fokus. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda.

Historia til Færøyane er sterkt knytt til Noreg. Kong Sverre voks opp her, og det er mogleg å besøkje garden han kom ifrå. Elles kan vi tilby utflukter rundt om på øyane med fantastiske naturopplevingar. Eit høgdepunkt for mange er båtturen til dei stupbratte klippane og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Denne turen kan ein også gjere i RIB – ei spanande og forfriskande oppleving! Spesielt populært er også å få komme heim til ein familie og bli tilbydd god heimelaga færøysk mat og kulturelle opplevingar.

Døme på aktivitetar:
Utflukter på øyane med guide (historie og naturfokus)
Symje i grotter (med våtdrakt)
Båttur eller RIB-tur ved klippane og grottene ved fuglefjella
Zip-lining
Kajakkpadling
Fisking
Helikopterturar

Konferansefasilitetar:
Gode konferansefasilitetar både for mindre og større grupper
Eigen reiseleiar frå Fotefar som legg til rette møte/konferanse for gruppa
Moglegheit til å ha med kjentmann og kåsør som t.d. Sylfest Lomheim eller liknande

Kontakt oss på gruppetur@fotefartemareiser.no for nærare informasjon og tilbod.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo