
25.-28. august 2025.
I år er det idylliske Savalen og Savalen Fjellhotell som er målet vårt for turen. Savalen ligg i Nord-Østerdalen, 740 moh. Seinsommar er ei fin tid i fjellet. På Savalen Fjellhotell har familien Hektoen i over 60 år utvikla Savalen Turisthytte til å bli eit moderne og attraktivt fjellhotell. Dei fokuserer på trivsel og velvære for gjestane sine. Med dette som ramme skal vi besøke nærområdet rundt hotellet. Vi planlegg både ein tur til Røros og eit besøk på Huset Aukrust (Aukrustsenteret), i tillegg skal vi sjølvsagt sette av tid til å kose oss på hotellet.
Undervegs vil vi skal som vanleg oppleve all den vakre naturen vår medan vi køyrer gjennom vårt vakre norske landskap.