Avreise med buss frå Sogn og Fjordane
Førde Rutebilstasjon kl. 08.15, vidare køyrer vi til Skei (09.05), Sogndal (10.00) og Lærdal (11.15). Vi reknar med å vere framme på Oset ca. kl. 12.45. Det er mogeleg å gå på bussen langs heile ruta. Tilknyting frå andre stader med offentleg transportmiddel til dei nemnde buss-stoppa. Undervegs på bussturen fortel reiseleiar Anne litt om stadene vi køyrer gjennom. Det blir små beinstrekkar, og vi nyttar tida til å bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to? Ta gjerne med noko lite å ete då det bli lenge frå tidleg frukost heime til lunsj på hotellet. Vel framme på Oset sjekkar vi inn på hotellet og får tildelt romma våre. Så går vi til restauranten og hygger oss med ein god lunsjbuffét.
Etter den velsmakande lunsjen har gjerne fleire behov for litt avslapping på rommet, medan andre vil ta seg ein gåtur. Her på Oset har vi turløypene rett utanfor «stovedøra».
Tog til og frå Gol
Bussen hentar deltakarar som vel å komme med toget til Gol stasjon. Dette gjer vi på toget som går frå Oslo kl. 12.03 og er på Gol kl. 15.02 og som går frå frå Bergen kl. 11.43 og er framme på Gol kl. 15.43. Togbillett t/r Gol er ikkje inkludert i turprisen.
Før tre-retters middagen om kvelden møtest gruppa i eit eige lokale der fotefarar og historikar Rasmus Sunde vil fortelje om utvandringa frå Norge til Amerika. Han er ekspert på temaet og vil halde eit kåseri om dette spennande emnet. Etter kåseriet og tre-retters middag blir det dans etter levande musikk.
(L*, M)
*for dei som kjem med buss frå Sogn og Fjordane
Etter ein god frukost legg hotellet opp til ein flott julemarknad. Hotellet er pynta og klart for julehandel. Kanskje vi kan kjøpe med oss noko fint nettopp herifrå? Alternativ kan ein nytte føremiddagen til ein fin tur i fjellheimen. Deretter får vi servert ein såkalla fjell-lunsj med blant anna rømmegraut, spekemat og betasuppe. Etter lunsjen og gjerne noko avslapping på rommet, blir vi med på ein hyggeleg “gammaldags” juletrefest med kaffi og kaker. Så kan vi berre gle oss og sjå fram til kvelden med den stor julebordsmiddagen i restauranten. Vi avsluttar kvelden med dans etter levande musikk!
(F, L, M)
Etter ein god frukost sjekkar vi ut av romma våre. Bussen vår køyrer dei som skal med toget til Oslo og Bergen kl. 10.20 til Gol stasjon. For alle som skal med bussen tilbake til Sogn og Fjordane legg vi også opp til ein tur nedom eit julepynta Gol sentrum og lunsj før vi reiser vestover, med avreise frå Gol ca. 15.00. Vi køyrer same vegen tilbake til Lærdal (stopp på Haabakken), Sogndal, Skei og Førde.
(F, L*)
*for dei som kjem med buss frå Sogn og Fjordane
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
22/11 | Oset Fjellhotell For dei som kjem med tog til Gol Stasjon | Meir enn 8 | 5 590,- | BestillMer informasjon | |
22/11 | Oset Fjellhotell For dei som reiser t/r Sogn og Fjordane | Meir enn 8 | 6 995,- | BestillMer informasjon | |