Skip to main content

Musikkens Wien – Ei eksklusiv kulturreise med Arild Erikstad

16. – 19. oktober 2025

Bli med på feiringa av 200-årsjubileet til Johann Strauss i hans heimby Wien!

Ei uforgløymeleg reise til Wien, byen der Mozart, Beethoven og Strauss levde og skapte musikkhistoria. I løpet av fire innhaldsrike dagar får vi oppleve nokre av dei mest ikoniske musikalske arenaene i byen, guida av ingen ringare enn Arild Erikstad – kjend frå NRK og ein av Noregs fremste formidlarar av klassisk musikk.

I 2025 feirar Wien 200-årsjubileum for Johann Strauss jr., og eit av høgdepunkta under denne feiringa er nyoppsetjinga av hans mest kjende operette, Flaggermusen. Dette skjer på Theater an der Wien, operahuset der operetten blei framført første gong i 1874. Regien står husets operasjef, den norske Stefan Herheim, for. Herheim blir i dag rekna som ein av verdas fremste operaregisørar – kjent for originale, kreative og til tider provoserande oppsetjingar. Når Herheim set opp Flaggermusen, kan vi vente oss ei oppleving full av humor, overraskingar og ikkje minst ein underhaldande framsyning spekka med kjende melodiar og ariar.

Fagleg guide på denne turen er Arild Erikstad. Han har gjennom mange år kommentert både Nyttårskonserten frå Wien og Sommarkonserten frå Schönbrunn for NRK, og kjenner musikklivet i Wien betre enn dei fleste. Wien er utan tvil hans favorittby, og i tillegg til foredrag om byens rike musikkliv og ei introduksjon til Flaggermusen, vil han guide oss gjennom den utruleg vakre indre kjernen av byen.

Wien er òg kjent for sine trivelege restaurantar, eit mangfald av tradisjonelle matrettar og ikkje minst dei legendariske kafeane, som Café Central og Café Landtmann – møtestader for kunstnarar, forfattarar og musikarar gjennom fleire hundreår.

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 16.oktober - Frå Oslo til Wien – innsjekk og konsert i Musikverein

    Wien har ei heilt unik posisjon i europeisk musikkliv og historie, og byen er framleis prega av klassisk musikk meir enn nokon annan storby i verda. Her budde og verka så å seie alle dei største komponistane i Europa, frå 1700-talets Mozart og Beethoven til den revolusjonerande andre wienerskulen med Schönberg i spissen. I dag er nok byen aller mest kjend for den årlege nyttårskonserten med Wienerfilharmonien – ein festkonsert med musikk av Strauss-familien.

    Etter ankomst i Wien sjekkar vi inn på vårt flotte firestjerners hotell. Første kvelden byr på ein musikalsk høgtid (mogeleg val mot tillegg i prisen): Ein heilaftans konsert i den verdskjende Musikverein – kjend for sin blendande akustikk og den gyldne salen. Ei unik og uforgløymeleg opning på vårt musikalske Wien-opphald.

    Denne kvelden blir det middag på eiga hand, ein kan utforska restaurantlivet i Wien i eige tempo eller med reiseleiar frå Fotefar.

  • Dag 2: Fredag 17. oktober - Byvandring og Mozarts hus

    Bli med på ei stemningsfull vandring gjennom Wiens rike musikkhistorie. Arild Erikstad tek oss med til stader der musikken blei fødd – med innsiktsfulle historier og ei levande formidling som verkeleg løftar opplevingane.
    Vi besøker Mozarts eige heim – der han komponerte nokre av sine største verk. Det blir òg ei lita konsertoppleving i ei av leilegheitene der Mozart budde og skapte frå 1784 til 1787.
    Vi samlast til felles middag – dette er inkludert i programmet.

    (F, M)

  • Dag 3: – Laurdag 18. oktober - Omvisning i Theater an der Wien og Operaen Die Fledermaus av Johann Strauss

    Theater an der Wien blei gjenopna i fjor haust etter mange års totalrenovering – og vi blir med på ei spennande omvising i dette historiske bygget.

    Her har både Beethoven og Strauss sett sine spor. Vi får sjå salane, scena og teateret frå innsida – med historie og atmosfære i veggane.

    Etter besøket på teateret skal vi nyte ein felles lunsj, medan Arild gir oss ei levande musikalsk introduksjon til kveldens framsyning: Die Fledermaus av Johann Strauss. Ei verdifull førebuing til kveldens store operakveld.

    Strauss’ klassiske operette byr på livsglede, forviklingar og storslåtte valser. Vi får oppleve ein ekte wienarkveld i Theater an der Wien – der operetten blei fødd.

    (F, L )

  • Dag 4: Søndag 19. oktober - Fra Wien til Oslo

    Etter frokost reiser vi fulle av inntrykk tilbake til Oslo.
    Vi legg bak oss nokre dagar som har gitt oss store musikalske opplevingar, vakker arkitektur og ei stemning som berre Wien kan by på.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/10OsloWien
(Norwegian)
Meir enn 819 990,-BestillMer informasjon
16/10OsloWien
(Austrian Airlines)
Meir enn 821 590,-BestillMer informasjon
16/10WienWien
Utan flyreise
Meir enn 815 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo