Erika Fatland er ein av dei mest leste sakprosaforfattarane i Noreg, og ho er fagguide på fleire av reisene våre. Å reise med henne er noko anna enn å reise med ein vanleg guide. Ho held foredrag undervegs, ho kjenner landa frå eigne reiser over mange år, og ho har skrive bøkene som gjer at du forstår kva du ser på.
Kven er Erika Fatland?
Fatland er sosialantropolog og forfattar. Bøkene hennar tek lesarane med til nokre av dei minst tilgjengelege områda i verda, og ho blandar personlege møte med historisk innsikt.
Blant bøkene hennar finn vi Sovjetistan om dei fem sentralasiatiske landa, Grensen om ei reise heile vegen rundt Russland, Høyt om Himalaya og Sjøfareren om det portugisiske imperiet. Den første sakprosaboka hennar, Englebyen, handlar om gisseldramaet i Beslan. Hausten 2026 kjem Ukraina. En vinterreise, som byggjer på reisene hennar i landet under krigen.
Slik er det å reise med Erika
På kvar reise held Erika mellom fire og seks foredrag. Dei er ikkje generelle innføringar, men henta rett frå det forfattarskapet hennar handlar om, og dei er lagde til dagane der dei passar med det vi ser.
På turane austover snakkar ho om vegen frå sovjetrepublikk til EU-stat, om Putins Russland, om Ukraina og om dei fem landa i Sentral-Asia. Eitt av foredraga heiter Frå Pyongyang til Kirkenes, og handlar om at Noreg er det einaste av dei fjorten nabolanda til Russland som aldri har vore i krig med eller vore okkupert av russarane.
På turane til Portugal og São Tomé følgjer ho det portugisiske imperiet frå Henrik Sjøfareren og Vasco da Gama, gjennom jakta på krydder og rikdom, til kolonitida og fallet.
Mellom foredraga er ho med i gruppa, på utfluktene og ved bordet. Det er ofte der dei beste samtalane kjem.







