Skip to main content

Temareiser med Finn Tokvam | Fotefar Temareiser

Finn Tokvam er ei av dei stemmene mange nordmenn har hatt med seg i kjøkenet på laurdagar. Saman med Bård Ose leia han P.I.L.S. på NRK i 22 år og over 1100 sendingar, eit program som handla like mykje om samtalen mellom dei to som om platene dei spelte.

Han har vore programleiar, journalist og forfattar, og han kjenner norsk og internasjonal populærmusikk frå innsida.

Slik er det å reise med Finn

På musikkturane våre er Finn med heile vegen. Han fortel historiene bak låtane, stadene og menneska, og han gjer det på den måten folk kjenner att frå radioen: uhøgtidleg, godt førebudd og med sans for det som er litt på sida.

Det er ofte i bussen og over eit bord at dei beste historiene kjem. Ein fagguide som Finn er ikkje nokon som held eit foredrag og så forsvinn. Han er med i gruppa.

Kva slags reiser?

Finn er fagguide på musikkturane våre, ofte saman med Bård Ose. Det er reiser til stader der musikkhistoria faktisk skjedde, med konsertar, pubar og studio undervegs.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo