Tore Skeie er historikar, sakprosaforfattar og kritikar. Han er fast spaltist og bokmeldar i Klassekampen.
Han har gitt ut fleire bøker om mellomalderen, med Alv Erlingsson, Ingebjørg Håkonsdatter og Olav Haraldsson som hovudpersonar. For boka Hvitekrist fekk han terningkast 6 i Dagbladet, med orda: «Tore Skeie er ein fremragande forfattar, han er som ein essens av Peder Englund og Sir Walter Scott.»
Slik er det å reise med Tore
Skeie skriv historie som om det var ei forteljing, og han snakkar på same måten. Han held foredrag undervegs om vikingtid, mellomalder og om nordmenn som reiste langt ut i verda lenge før nokon kalla det å reise.
Det er ei anna oppleving å stå på ein stad når du veit kva som skjedde der, og kven som stod der før deg. Det er den jobben Tore gjer på ei reise.
Kva slags reiser?
Tore er fagguide på cruise og på byreiser til stader der nordisk og europeisk historie møtest.






