
30. september – 8. oktober 2027.
Velkommen med på ei reise gjennom Middelhavet, og gjennom ei av dei mest dramatiske livsforteljingane i norsk historie. Saman med historikar og forfattar Tore Skeie følgjer vi spora etter Harald Hardråde, som etter nederlaget på Stiklestad drog austover og gjorde karriere som leigesoldat i det mektige bysantinske riket, før han vende heim og vart konge av Noreg.
Med Tore Skeie som fagleg reiseleiar får vi ei levande og engasjerande formidling av historia, slik han er kjend for frå bøker og foredrag. Undervegs knyter han forteljinga tett til stadene vi vitjar – frå, Barcelona til Sicilia og Athen, og så vidare til Dardanellane og Istanbul, det gamle Konstantinopel, kjend for nordbuar som Miklagard.
Reiseruta tek oss gjennom dei same havområda som batt saman Europa og Austen i mellomalderen. Vi opplever både historiske reisemål og rolege dagar til sjøs, der det er tid til fordjuping, refleksjon og gode samtalar. Dette er ikkje berre eit cruise frå vest til aust, men ei reise gjennom ei tid då verda var meir samankopla enn vi ofte tenkjer oss, og der ein ung norsk krigar kunne finne vegen heilt til verdas sentrum.








