Skip to main content

Berlin bak fasaden med Erle Marie Sørheim

14. - 18. oktober 2027.

Berlin er ein by der historia ligg i gatene du går i – frå maktsenteret i Det tredje riket og muren som delte byen, til bydelar som har skifta karakter fleire gonger sidan 1989. På denne turen kjem vi bak fasaden til dei kjende attraksjonane. Vi vandrar gjennom Kreuzberg, Prenzlauer Berg og Schöneberg, besøker Mauer Museum ved Checkpoint Charlie og minnestaden ved Bernauer Straße, og ser byen gjennom historiene om motkultur, flukt, fridom og kunst – frå Nelly Sachs til David Bowie.

Med oss har vi forfattar og journalist Erle Marie Sørheim, som har budd 17 år i Berlin og skrive fleire bøker om byen. Ho kjenner bydelane og forteljingane bak fasadane, og med anekdotar og lokalkunnskap viser ho oss eit Berlin som er vanskeleg å finne på eiga hand. Gjennom eit eige føredrag og byvandringar undervegs får vi samanhengen bak det vi ser.

Fotefar tek seg av det praktiske. Ein norsk reiseleiar er med heile vegen, vi har eigen buss dei dagane avstandane er lange, og inngangsbillettane er ordna på førehand. Slik kan du bruke tida på opplevingane og samtalane, ikkje på kart og billettkøar.

Sjå alle våre turar med Erle Marie Sørheim her!

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Turen inneber ein del gange, og vi bruker T-bane éin av dagane. Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 14. oktober - Historia i sentrum

    Vi kjem til Berlin om morgonen og dreg inn i byen for ei kulturvandring saman med Erle. Turen startar ved Brandenburger Tor, der Sørheim formidlar personlege og sterke forteljingar. Herifrå går vi vidare til Minnesmerket for Europas drepne jødar, midt i det som ein gong var maktsenteret i Det tredje riket. Vi ser blant anna staden der Hitlers bunker låg, restane av Reichskanzlei og Görings luftministerium, som framleis står.

    Vi et felles lunsj før vi går vidare til Checkpoint Charlie og spaserer mot vakre Gendarmenmarkt, med dei to tvillingkyrkjene og konserthuset. Deretter besøker vi Bebelplatz, med det gripande minnesmerket over bokbrenninga i 1933.

    Bussen hentar oss ved Bebelplatz og køyrer oss til hotellet, der vi sjekkar inn. Resten av ettermiddagen er fri, og det er kort veg til Kurfürstendamm og KaDeWe.

    Middag på eiga hand.
    (L)

    Torsdag 14. oktober - Historia i sentrum
  • Dag 2: Fredag 15. oktober - Det alternative Berlin

    Etter ein god frukost tek vi T-banen til Kreuzberg, der vi startar dagen med ei byvandring. Vi utforskar det legendariske Kreuzberg, bydelen som på 70- og 80-talet var ein stad for punkarar, kunstnarar og tyrkiske immigrantar. Dette var på grunn av at bydelen var omkransa av muren på alle kantar, og var difor lenge lite attraktiv for rike berlinarar og dermed perfekt for motkultur.

    Vi går gjennom Oranienstraße, som i dag er eit pulserande sentrum for uteliv, kultur og butikkar, før vi kjem til vakre Paul-Lincke-Ufer, der det er tyrkisk marknad på fredagar. Her budde òg forfattar Dag Solstad ei tid.

    Turen held fram til Lohmühlenbrücke, tidlegare ei av grenseovergangane mellom aust og vest. Like ved ligg Markthalle Neun, ei av dei få gamle marknadshallene som har overlevd. Her kan ein kjøpe mat, drikke eller berre nyte stemninga. Lunsj på eiga hand.

    Vidare går turen til Bergmannkiez, den litt meir elegante delen av Kreuzberg.

    Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 16. oktober - Muren og Prenzlauer Berg

    Vi startar dagen med eit føredrag med Erle på hotellet. Deretter køyrer bussen oss til Checkpoint Charlie, der vi besøker Mauer Museum. Museet gir sterke inntrykk av kvardagsliv, flukt og delingstida, og fortel om dei mange oppfinnsame fluktforsøka frå aust til vest.

    Bussen tek oss vidare til Prenzlauer Berg, som ligg på ei høgd i det tidlegare Aust-Berlin og er kjend for ei av dei mest markante gentrifiseringane i Europa etter murens fall. Dei flotte bygardane frå 1800-talet gjorde området svært ettertrakta, og i løpet av få tiår vart nesten 80 % av befolkninga bytt ut. No er dette ei høgborg for kafékultur, småbutikkar, barnefamiliar og kunstnarar. Lunsj på eiga hand.

    Etter lunsj besøker vi det arkitektonisk særprega Tschoban Foundation, eit museum for arkitekturteikning. Derifrå går vi til Bernauer Straße, der ein austtysk soldats spektakulære flukt over piggtråden fann stad. I dag ligg minnestaden for Berlinmuren her, med eit bevart stykke av muren og grensestripa. Bussen hentar oss her og køyrer oss tilbake til hotellet.

    Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 17. oktober - Det homofile Berlin, Bowie og vestbyen

    Etter ein god frukost startar vi dagen ved Nollendorfplatz, eit viktig sentrum for det homofile Berlin både før og no. Her står òg minnesmerket over dei homofile ofra for nazismen. Sørheim fortel om kvifor Berlin så lenge har vore ein friby for LHBT+-personar.

    Vi går forbi bustaden til nobelprisvinnar i litteratur, Nelly Sachs. Vi får høyre om den levande forfattarscena i området før Hitler kom til makta.

    Deretter tek vi turen gjennom vakre stader i byen og vidare til Akazienkiez, hjartet i det gamle «raude Schöneberg», bydelen der David Bowie og Iggy Pop budde frå 1976 til 1978.

    Etter lunsj på eiga hand rundar vi av dagen i det som var sentrum av Vest-Berlin, rundt Zoologischer Garten, med Gedächtniskirche og det ikoniske KaDeWe.

    Felles avslutningsmiddag på kvelden.
    (F, M)

    Søndag 17. oktober - Det homofile Berlin, Bowie og vestbyen
  • Dag 5: Måndag 18. oktober - Heimreise

    Etter frukost hentar bussen oss ved hotellet, og vi vender heim.
    (F)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
14/10OsloBerlinMeir enn 818 950,-BestillMer informasjon
14/10Utan flyreiseBerlin816 550,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo