
18.-21. november 2026.
Fotefar er stolte og glade over å fortsetje dei opplevingsrike vinturane saman med vinjournalist og sommeliar Merete Bø. Denne gongen går reisa til eit område som mange vininteresserte drøymer om: Burgund i Frankrike. Dette legendariske vinområdet, kjend for sine elegante og komplekse vinar, har fascinert vinelskarar over heile verda i århundre.
Merete er ein av Norges fremste vinekspertar og ein av programleiarane i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Ho har også skrive ei rekke bøker om vin, anna drikke og mat.
På denne turen skal vi besøke nokre av hennar utvalde favorittprodusentar i dette klassiske vindistrikta. Nokre av namna er store og verdskjende, andre mindre og meir skjulte perler – men alle med den karakteristiske lidenskapen som kjenneteiknar Burgund. Vi får lære om terroir, tradisjonar, historie og druesortar. Vi skal inn i både vinmarkene og kjellarane, og vi får smake dei vinar som gjer Burgund til eit av dei mest ettertrakta vinområda i verda. Dette er ein tur for deg som er likar vin, men du treng absolutt ikkje vere spesialist.









