Skip to main content

Elvecruise på Rhinen og Mosel med vinsmaking

13 . - 17. oktober 2026.


Velkommen med på eit stemningsfullt elvecruise på Mosel og Rhinen – gjennom nokre av dei mest kjende vindistrikta i Europa. Frå idylliske Cochem ved Mosel til historiske Strasbourg i Alsace reiser vi gjennom eit landskap prega av bratte vinmarker, sjarmerande vinlandsbyar, middelalderborger og stolte vintradisjonar.

Med på heile turen er vinkjennar Svein Sandvold, som er utdanna vinkelner med over 40 års erfaring frå hotell- og restaurantbransjen. Gjennom eit langt yrkesliv har han halde vinkurs for bedrifter og private, arrangert vinturar i inn- og utland og arbeidd med kombinasjonen av mat og vin. Han han også utdanna ei rekke servitørar i sine år som lærar på servitørlinje i vidaregåande opplæring. Undervegs på cruiset vil Svein dele av sine kunnskapar om vinproduksjon, druetypar, vinområde og samspelet mellom mat og vin. Det blir foredrag, vinsmakingar og samtalar om bord, i tillegg til utvalde vinopplevingar på land.

På elvecruiset bur vi på MS Monet, ein elvebåt med 78 utvendige lugarar. Alle lugarane har bad med dusj, hårfønar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.

Fotefar har heile båten for seg sjølv, så vi blir fleire grupper, og ein fin gjeng som skaper ei hyggeleg og sosial ramme rundt turen.

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.
  • På flyplassen i Frankfurt er det litt gangavstand frå terminalbygget og til der bussen tek os på/set oss av.
  • Grunna avstand på flyplass rår vi alle til å bruke trillekoffert.
  • Når ein er om bord på ein elvebåt, må ein forvente noko motorstøy.I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.
  • Uventa endringar i vasstanden eller andre hendingar vi ikkje rår over, kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.
  • Utfluktene merka med “mogeleg val” er arrangerte av elvebåten og har guiding på engelsk.Når det gjeld måltida om bord på elvebåten, blir det teke omsyn til tidene for utflukter. Dette betyr at tider både lunsj og middag kan variere/bli endra.
  • All drikke om bord på båten er inkludert, med unntak av nokre avmerka dyrare produkt. Til dømes champagne, brennevin på øvste hylle eller liknande. 
  • Wi-Fi er inkludert om bord på båten, men vil vere varierande grad stabilt.

Om båten

MS Monet

På dette 4 stjerners elvecruiset bur vi svært godt på ein fin elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.

 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 13. oktober – Frå Norge til Cochem

    Fly frå Oslo, Bergen og Stavanger til Frankfurt. Det er mogleg med tilslutning frå andre flyplassar. Buss vidare til Cochem ved elva Mosel, der vi går om bord i MS Monet og får tildelt lugarane våre. Dersom flytidene tillèt det, vil vi sjå oss rundt i Cochem før innsjekk.

    Om kvelden samlast vi til velkomstcocktail og middag om bord. Vinkjennar Svein Sandvold vil også ei kort innleiing til vinområda vi skal besøkje dei komande dagane og fortel om Mosel, Rhinen og Alsace som vinregionar.
    (M)

    Tysdag 13. oktober – Frå Norge til Cochem
  • Dag 2: dag 14. oktober – Cochem, Mosel og Alken

    Etter frukost tek vi oss tid til å utforske vakre Cochem. Byen er kjend for sine bindingsverkshus, den sjarmerande gamlebyen og dei bratte vinmarkene som omkransar Mosel-dalen. Regionen er særleg kjend for sine elegante Riesling-vinar. Vi skal også innom ein av utsala i byen, før vi returnerer til båten for lunsj.

    Etter lunsj seglar vi vidare gjennom det vakre Mosel-landskapet. Ombord held Svein Sandvold foredrag om tyske vinområde og dei viktigaste druetypane vi møter på turen.

    Tidleg på kvelden legg vi til i Alken, der det blir tid til ein spasertur i den vesle vinlandsbyen før båten held fram mot Rhinen.
    (F, L, M)

    dag 14. oktober – Cochem, Mosel og Alken
  • Dag 3: Torsdag 15. oktober – Boppard og Rüdesheim

    Føremiddagen tilbringer vi i Boppard, ein historisk by ved Rhinen med lang vintradisjon. Her kan dei som ønskjer det utforske gamlebyen eller nyte eit glas lokal vin på ein av dei mange uterestaurantane. Denne dagen står besøk hos to vinprodusentar for tur (meir informasjon om produsentane blir publisert seinare). Medan båten seglar vidare, blir vi henta med buss, vi brukar ettermiddagen på tur i dette vakre vinlandskapet. I vakre Rüdesheim mønstrar vi på båten att.  

    Her i Rüdesheim skal båten bli liggjande denne ettermiddagen og kvelden, og vi får høve til å besøkje den livlege Drosselgasse med sine mange vinbarer og serveringsstader.

    Vi skal ete både felles lunsj og felles middag denne dagen.
    (F, L, M)

    Torsdag 15. oktober – Boppard og Rüdesheim
  • Dag 4: Fredag 16. oktober – Mainz

    Denne dagen vaknar vi opp i Mainz, ein av dei eldste byane i Tyskland og sentrum i eit av landets viktigaste vinområde, Rheinhessen. Etter frukost er det sett av til eigne opplevingar i byen, og kanskje ønsker innom på lokale butikkar? Det er lokalisert fleire vinhus i byen eller kanskje freistar det med ein tur på ei «weinstube».

    Etter lunsj seglar båten vidare sørover mot Alsace. Før middag oppsummerer Svein Sandvold noko av det vi har opplevd, og held ei avsluttande smaking med utvalde vinar frå områda langs reiseruta.

    Denne siste kvelden samlast vi til festmiddag om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Laurdag 17. oktober – Strasbourg og heimreise

    Vi vaknar opp i Strasbourg, hovudbyen i Alsace og eit av Frankrikes mest spennande vinområde.

    Etter utsjekk er det tid for avreise mot flyplassen, vi legg opp til eit vinbesøk på vegen. Ankomst flyplassen rundt kl. 13.30 og fly heim til Norge om lag kl. 16.30.

    Tidene kan bli justerte når endeleg seglingsplan og flyprogram ligg føre.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/10BergenMS Monet525 950,-BestillMer informasjon
13/10OsloMS MonetMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
13/10StavangerMS Monet525 950,-BestillMer informasjon
13/10TrondheimMS Monet525 950,-BestillMer informasjon
13/10Utan flyreiseMS Monet
Oppmøte Cochem
525 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo