Skip to main content

Fjordriket Luster

Inst i Sognefjorden finn du Luster – eit spektakulært reisemål med vakker natur, rik historie, og ikkje minst flotte omgjevnader for leiarmøtet, teambyggings-turen eller ein konferanse. Området er kåra til verdas beste reisemål av National Geographic, men er kanskje uoppdaga for ein del nordmenn?

Her kan du overnatte i historiske hotell i små fjordbygder, sjarmerande gardshotell med boutique-preg med fantastisk naturutsikt frå jacuzzien, eller moderne konferansehotell i fotballbygda Sogndal. Det er stort fokus på kortreist mat med gourmetpreg, og her finn du til og med ein eigen sjokoladefabrikk! Som ein ekstra bonus kan du også få eit vingardsbesøk på Europas nordlegaste vingard, eller ølsmaking på det lokale mikrobryggeriet.

Eit opphald her gjev deg ro og inspirasjon til å arbeide godt. Samstundes er det perfekte forhold for gode opplevingar i lag, enten ein besøkjer Jostedalsbreen, padlar på Lusterfjorden, går fottur til Molden eller lagar eigenfiska aure over bål med utsikt til fjord og fjell. Området er også ein kjend destinasjon for vintersportsaktivitetar, og vi skreddersyr opplevinga for deg enten det er sommar eller vinter.

Nokre aktivitetar vi kan tilby:  
Fotturar i spektakulære omgjevnader
RIB på fjorden
Brevandring
Fossevandring
Juving
Aurefiske i Hafslovatnet eller Jostedalselva
Kajakk på Lusterfjorden
Privat kokk med matlaging ute i naturen
Skiturar; både som toppturar eller kortare/lettare turmål

Overnatting og konferansefasilitetar:
Gode møte- og konferansefasilitetar for både for små og store grupper
Overnatting i historiske hotell eller lokalt boutiquehotel
Kortreist mat med gourmetpreg både for små og store grupper
Eigen turansvarleg frå Fotefar som legg til rette for møte/konferanse

Kontakt oss på gruppetur@fotefartemareiser.no for nærare informasjon og tilbod.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo