
14. - 21. februar 2027.
Spektakulære vandreturar på det indre av øya
Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? Bli med Fotefar Temareiser og reiseleiar Rasmus Sunde der du får oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på innlandet av øya. Her er det eit godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap, men også til toppar med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen med spennande vandreturar med den dugande guiden Nina frå Sverige. Ho kjenner området svært godt etter mange år som turguide på Gran Canaria. På bussturane vil ho fortelje om historia til øya og undervegs på gåturane vil ho snakke om blomster og vegetasjon. I tillegg vil også guide oss inne i den vakre gamlebyen i Las Palmas.
Turane passar for folk som er i normalt god form og er vande med å gå i kupert terreng. I følgje DNT si gradering fell vandreturane her innunder grøn og blå farge som blir karakteriserte som middels og til dels litt krevjande. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte i unnabakkar.
Vi bur på eit koseleg hotell like ved den store stranda Cantaras og den flotte promenaden der i storbyen Las Palmas. På den måten får vi også med oss litt byliv om kveldane og elles på “fridagen” vår på torsdag.


















