Skip to main content

Mitt Sicilia med Marie Olsson Nylander

9. -  13. april  2026.

Marie Olsson Nylander er ein av Skandinavias mest anerkjende interiørprofilar, kjend for si unike evne til å kombinere skandinavisk minimalisme med varme, fargar og personlegdom. Ho har i ei årrekke inspirert eit stort publikum, mellom anna gjennom prosjekta sine på TV, som «Husdraumar på Sicilia» på NRK og «Den italienske husdraumen» på HBO og TVNorge.  

På denne reisa får du oppleve Sicilia slik Marie sjølv opplever øya – nært, autentisk og estetisk. Ho deler av sine erfaringar og kjærleiken til det ekte og handlaga, og tek oss med heim til Palazzo Cirillo, og det siste prosjektet hennar: 1-euro-huset i Sambuca. I tillegg blir ho med oss til den beste vintagemarknaden i Palermo.  

Sicilia betyr mykje for Marie, og øya rommar alt ho elskar: lag på lag med historie, fargar, arkitektur, menneskeleg varme og små detaljar som ber spor av liv og tradisjon. Der andre ser gamle, forlatne bygningar og ruinar, ser ho moglegheiter og skjønnheit. Dette blir ei inspirerande reise der interiør, kultur og Marie sitt engasjement og glød skaper minne for livet.  

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 9. april - til Sicilia, øya som rører ved alle sansar

    Fly frå Oslo og Göteborg via München til Palermo. Vi får ein kort busstur til hotellet før vi sjekkar inn på 4-stjerners Hotel NH Palermo, vakkert plassert ved havet. Etterpå er vi klare for første kveld i historiske Palermo, og vi kan nyte atmosfæren, luktene, lydane og stemninga som gjer byen heilt unik.

    Torsdag 9. april - til Sicilia, øya som rører ved alle sansar
  • Dag 2: Fredag 10. april - Palermo

    Etter ein god frukost har vi dagen til å utforske Palermo. Byen har ei rik historie påverka av mange kulturar, noko som kjem til syne i byens arkitektur. Her er det mykje å oppdage. Du kan oppleve det livlege og autentiske gatemarknaden, Ballarò-marknaden, besøke kyrkjer og museum eller kanskje nytte høvet til å dra til stranda for å bade (sjølv om sjøen er litt kald i april). 
    Palermo er ein smeltedigel av kulturar og stilartar – frå arabisk-normannisk prakt til barokkens overdådigheit. På vandringa vår gjennom byen skal vi ikkje berre sjå fasadane, men også gå inn i nokre av dei vakre bygningane og oppdage dei skjulte skattane som gøymer seg bak portane. 
    Vi avrundar byvandringa med ein felles lunsj. 
     

    Resten av dagen står til fri disposisjon, og reiseleiarane kjem med anbefalingar om attraksjonar og bydelar ein bør oppleve. Mercato delle Pulci i gamlebyen er kjend for sine mange antikkforretningar. Corso Vittorio Emanuele, Via Maqueda, og Piazza San Domenico har også mange antikk- og vintage-butikkar der ein kan gjere gode kjøp. 
    (F, L) 

    Fredag 10. april - Palermo
  • Dag 3: Laurdag 11. april - Husa til Marie i Sambuca & Termini Imerese

    Etter ein lang og god frukost reiser vi til Palazzo Cirillo, velkjend frå NRK-serien «Husdraumar på Sicilia». Marie og familien hennar kjøpte Palazzo Cirillo i 2017, og renoveringsprosjektet av det 300 år gamle palasset har pågått over fleire år. Den tilhøyrande hagen har etter renoveringa blitt ei unik perle, som vi også skal få lov til å besøke. Her skal vi få høyre Marie fortelje om huset og hagen, og samstundes få nyte eit måltid tradisjonell, italiensk mat. 
     

    Etter besøket i Palazzo Cirillo blir Marie med oss vidare til Sambuca, der Bill og ho har kjøpt eit 1-euro-hus. På vegen til Sambuca vil Marie fortelje om korleis dei har gått fram med kjøp og renovering. «Éin-euro-hus» er hus som er relativt forfalne, som italienske styresmakter sel for éin euro for å gjenopplive landsbyar. Huset i Sambuca blir også dokumentert på ulike TV-kanalar, og går på HBO Max og TVNorge i haust. 
     

    Vi avsluttar dagen med fellesmiddag på ein koseleg restaurant i Sambuca, før vi reiser tilbake til Palermo.  

     
    (F, L, M) 

    Laurdag 11. april - Husa til Marie i Sambuca & Termini Imerese
  • Dag 4: Søndag 12. april - Vintagemarknad med Marie

    Denne føremiddagen skal Marie ta oss med til sitt favoritt-vintagemarknad, søndagsmarknaden i Palermo. Atmosfæren er livleg og fargerik, og det er ein populær stad både for lokalbefolkninga og turistar som likar å leite etter unike funn. Her har Marie gjort fleire eigne innkjøp til Palazzo Cirillo gjennom åra, og ho deler gjerne nokre av sine tips. Når Marie er på marknaden, ser ho detaljar som andre kanskje overser. Sicilia gjev henne energi og idear - fargar, former, material og historier som finn vegen inn i designverda hennar. Vi får sjansen til å kjøpe med oss noko heim, men like viktig er det kanskje å oppleve sjølve marknaden, som har over hundre års historie i denne delen av byen.  
     

    Vi avsluttar turen på marknaden med ein hyggeleg lunsj med Marie. 
    Resten av dagen står til fri disposisjon og middag er på eiga hand. Reiseleiarane kjem med tips om hyggelege restaurantar nær hotellet.  
    (F, L) 

    Søndag 12. april - Vintagemarknad med Marie
  • Dag 5: Måndag 13. april - Frå Palermo til Oslo og Göteborg

    Etter frukost er det på tide å ta farvel med Palermo og Sicilia. Bussen vår køyrer oss til flyplassen, og vi set kursen tilbake til Norge og Sverige – rikare på opplevingar, inntrykk, vennskap og kanskje med nokre vintage-funn i bagasjen. 
    Vi landar i Norge og Sverige på ettermiddagen.

    Måndag 13. april - Frå Palermo til Oslo og Göteborg

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/4OsloSiciliaMeir enn 825 990,-BestillMer informasjon
9/4Sicilia
Utan flyreise
521 990,-BestillMer informasjon
Reisekalender
14/1Vinterreise til Færøyane med Kirsti MacDonald JaregFrå 16 950,-
8/2Vandretur på Gran CanariaFrå 19 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo