Skip to main content

Belfast med Bård Ose – musikk, Titanic og byhistorie

15. - 19. september 2027.

Belfast har gitt oss musikk som strekkjer seg langt utover gatene der han vart til. Her ligg oppvekstmiljøet som Van Morrison stadig vender tilbake til i songane sine, og her fann Rory Gallagher eit trufast publikum gjennom urolege år. Frå blues og soul til punk og irsk folkemusikk møter me ein by der musikken har levd side om side med industri, politiske motsetnader og store endringar.

På denne reisa blir me betre kjende med Belfast gjennom musikken, menneska og stadene som har forma byen. Me følgjer i spora til Van Morrison og utforskar musikklivet i Belfast og resten av Nord-Irland. Ved Titanic Belfast møter me historia om skipet og forliset, og gjennom songar, filmar og bøker ser me korleis forteljinga har levd vidare. Undervegs blir det tid til vinyljakt, marknadsliv og pubbesøk med levande musikk.

Med oss har me Bård Ose, som med kunnskap, forteljarglede og eit godt øyre for detaljane set opplevingane i samanheng. Foredraga hans gir oss noko å lytte etter og sjå etter når me går ut i byen. Saman med lokale guidar tek han oss med inn i eit Belfast der musikkhistoria og byhistoria stadig kryssar kvarandre.

 

 

Søk

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav

Informasjon om ETA (Storbritannia, inkludert Nord-Irland):
Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Dette gjeld også Nord-Irland og Belfast. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 - Onsdag 15. september: Velkomen til Belfast

    Me reiser til Belfast og sjekkar inn på hotellet.

    Om kvelden møtest me til felles middag. Her blir det høve til å bli betre kjende med reisefølgjet og finne tonen før me tek fatt på byen. Etter middagen samlast me til det første foredraget med Bård Ose. Han opnar turen med ei kort innføring i musikklivet i Belfast og gir oss eit første møte med artistane, miljøa og historiene som skal følgje oss gjennom dagane.

    (M)

  • Dag 2 - Torsdag 16. september: Van the Man og gatene i songane

    Dagen byrjar med eit foredrag om Van Morrison. Bård tek oss med frå dei tidlege åra og gjennombrotet med Them til ein solokarriere der blues, jazz, soul og minne frå oppveksten har fått sitt heilt særeigne uttrykk.

    Deretter legg me ut på ein om lag fire timar lang guidet busstur i Van Morrison sine spor. I East Belfast går me av bussen for ei roleg vandring på om lag 45 minutt gjennom oppvekstmiljøet hans. Me ser barndomsheimen og «The Hollow», som me kjenner frå «Brown Eyed Girl», før turen går vidare til fleire av stadene som har funne vegen inn i songane hans. Slik får musikken ei konkret forankring i gatene og miljøet som har forma han.

    Undervegs besøker me også Oh Yeah Music Centre, der musikkutstillinga gir oss eit innblikk i artistane og musikkhistoria til Nord-Irland. Me legg dessutan inn ein pause med høve til vinyljakt og noko godt til kaffien hos Bread and Records, der platebutikk og kafé møtest. Etter turen blir det litt tid på eiga hand i byen.

    Om kvelden samlast me til ein pubtur i Belfast, med stopp på tradisjonsrike stader som Kelly’s Cellars og The Garrick. Me får oppleve levande musikk og pubkulturen som er ein viktig del av byen. Det blir ei sosial avslutning på dagen, med tid til både å lytte og å prate.

    (F)

  • Dag 3 - Fredag 17. september: Titanic, songane og byen som bygde skipet

    Etter frukost samlast me til eit foredrag der Bård knyter musikken til historia om Titanic. Me høyrer om songar som har halde minnet om skipet og forliset levande, og om hendingane som gjorde jomfruturen i 1912 til ei av dei mest kjende sjøfartshistoriene i verda. Bård gir oss også eit innblikk i korleis historia har blitt fortald gjennom filmar og bøker, langt utover den kjende storfilmen med Leonardo DiCaprio.

    Deretter tek me ein guidet busstur gjennom West Belfast. Langs Falls Road og Shankill Road møter me veggmåleri, minnestader og fredsmurar som fortel om konflikten og dei delte lokalsamfunna. Den lokale guiden gir oss innblikk i korleis uroa prega kvardagen, og i vegen fram mot fredsavtalen i 1998. Me ser også korleis denne historia framleis set spor i byen.

    Turen går vidare til Titanic Belfast, i området der skipet vart bygd. Utstillingane tek oss frå verfta og arbeidet bak det store passasjerskipet til livet om bord, forliset og etterhistoria. Me utforskar utstillingane i eige tempo, og guiden knyter besøket til skipsbygginga og stadene rundt museet. Slik møter me også industribyen Belfast og menneska som stod bak ambisjonane.

    Etter besøket blir det høve til å følgje guiden på ei roleg vandring langs Maritime Mile tilbake mot sentrum, eller ta bussen tilbake.

    Kvelden er fri til å utforske Belfast på eiga hand. Finn ein hyggeleg stad for middag, opplev meir av byen eller ta ein roleg kveld. For dei som ønskjer det, legg me opp til ein felles pubtur med høve til å oppleve meir av Belfast sitt levande musikkmiljø.

    (F)

  • Dag 4 - Laurdag 18. september: Musikken og historia mellom gatene

    Bård opnar dagen med eit foredrag om artistane og musikkmiljøa som har forma Belfast og resten av Nord-Irland. Her møter me mellom andre Gary Moore, Brian Kennedy og fløytisten Sir James Galway, saman med Feargal Sharkey frå The Undertones og punkbandet Stiff Little Fingers. Me høyrer også om Henry McCullough, som spelte med Paul McCartney i Wings og stod på Woodstock-scenen med Joe Cocker. Slik utvidar me perspektivet og ser på korleis ulike musikalske uttrykk har vakse fram gjennom skiftande tider.

    Deretter legg me ut på ei om lag to og ein halv time lang vandring med lokal guide i sentrum av Belfast. Gjennom bygningar, gater og forteljingar blir me betre kjende med korleis byen har vakse fram og endra seg. Undervegs følgjer me også spor etter musikklivet og besøker statuen av Rory Gallagher ved Ulster Hall. Her høyrer me om gitaristen sitt nære forhold til Belfast og publikummet i byen.

    Etter vandringa tek me turen til St. George’s Market, der det er gode lunsjmoglegheiter. Med matboder, lokale råvarer og eit yrande folkeliv er marknaden ei oppleving i seg sjølv.

    Resten av ettermiddagen gir rom for eigne oppdagingar. Kanskje freistar det med meir vinyljakt i platebutikkane, ein kafépause eller ein tur gjennom gatene me har blitt kjende med.

    Om kvelden samlast me til ein felles avslutningsmiddag. Over god mat og hyggeleg prat rundar me av dagane i Belfast saman med Bård og resten av reisefølgjet.

    (F,M)

  • Dag 5 - Søndag 19. september: Siste samling og heimreise

    Før avreise samlast me til eit siste foredrag med Bård. Han avrundar det musikalske programmet. Etter foredraget er det tid på eiga hand i byen før me reiser til flyplassen om ettermiddagen og tek farvel med Belfast.

    (F)

  • Viktig informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/9BergenClayton BelfastMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon
15/9OsloClayton BelfastMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon
15/9Utan flyreiseClayton Belfast
Fly er ikkje inkludert
Meir enn 820 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
29/10Istanbul med Tore SkeieFrå 21 950,-
29/10Istanbul med Tore SkeieFrå 19 950,-
29/10Istanbul med Tore SkeieFrå 16 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo