
19. - 22. november 2026
Gjennom tre dagar vil den verdskjende, norske historikaren Terje Tvedt halde fire foredrag om Noregs historie, med utgangspunkt i den nyaste boka si, Norges historie. Med verden som speil. Tvedt vil presentere ei samla framstilling av Noregs historie med overraskande perspektiv, originale analysar og spennande funn.
Dei fire foredraga vil dekkje historia til landet frå slutten av istida og fram til i dag. Tvedt vil trekkje opp dei lange linjene og peike på det særmerkte ved den norske utviklinga. Det overordna spørsmålet som foredraga krinsar rundt er korleis Noreg kunne bli det landet det er i dag? Tvedt vil til slutt diskutera og foreslå eit svar på kvifor Noreg, av alle land i verda, gong på gong har blitt plassert heilt i toppen av internasjonale rangeringar blant dei mest velståande, demokratiske og frie landa i verda.
Vi skal bruke denne langhelga på det vakre og historiske Thorbjørnrud Hotell ved Randsfjorden, eitt tidlegare herskapshus omgjeve av kunst, kultur og vakker natur. Hotellet legg til rette for gode samtalar, flotte matopplevingar og avslappande opphald mellom foredraga. Programmet blir supplert med besøk til Hadeland Glassverk og det prisvinnande Kistefos Museum, to av Innlandet sine fremste kulturattraksjonar.
Velkomen til ei innhaldsrik helg der historie, kultur, naturopplevingar og gode måltid går hand i hand.


.jpg)



.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)


.jpg)
