Skip to main content

Pink Floyd-tur til London og Cambridge med Ivar Storm Peersen frå Enslaved

8. – 12. septemper 2027.

Bli med på ei unik musikkreise til London og Cambridge – byane der Pink Floyd‑historia starta. Med oss har vi fagguide Ivar Storm Peersen, kjend som Ivar Bjørnson frå det internasjonalt anerkjende bandet Enslaved. Ivar er ein av Noregs mest kunnskapsrike formidlarar av musikkhistore, og kombinerer innsikt, erfaring og eit heilt spesielt engasjement for både Pink Floyd og den britiske musikkarven. Han vil gjennom heile turen dele historier, perspektiv og små overraskingar som berre ein aktiv musikar kan gi. 

I løpet av turen får vi utforske ikoniske stadar frå livet til Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour, møte lokalguide Colin, og kjenne atmosfæren i bydelar fulle av rockehistorie. Vi ruslar gjennom klassiske pubar, besøker legendariske studio og vandrar i fotspora til bandet. Og for dei som elskar vinyl, er dette turen der ein verkeleg kan gå på skattejakt – frå små, tronge spesialbutikkar i Soho til store skattkammer i Camden. 

Dette er ei reise med musikk, historie, lune forteljingar og stemningar du tek med deg lenge etter siste akkord er spelt.

 

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Viktig informasjon 

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav 

  • Informasjon om ETA (Storbritannia): 
    Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år. 

  • Enkelte dagar går vi rundt ti kilometer. Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

  •  

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 - Onsdag 8. september: Velkomen til Pink Floyds London

    Vi landar i London og reiser med buss til det sentrale hotellet vårt i Kensington. Kl. 12.00 samlast vi til den første av tre samlingar med Ivar Storm Peersen. Her innleiar han reisa med sitt personlege forhold til Pink Floyd og ser nærare på kva som har gitt musikken ei slik kraft og levetid – både for han sjølv som komponist og musikar, og for generasjonar av lyttarar.

    Romma er klare frå kl. 15.00.

    Seinare går vi ut i London for middag og ein uformell pubtur, der vi finn tonen som gruppe før historia for alvor tek til. Middagen denne kvelden er på eiga rekning.

  • Dag 2 - Torsdag 9. september: Cambridge – der historia byrja

    I dag reiser vi tilbake til byrjinga. Cambridge er byen der Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour voks opp, møttest og tok dei første stega mot det som skulle bli Pink Floyd. Saman med Colin og Ivar følgjer vi historia gjennom landskapet, gatene og miljøa som forma dei.

    Vi startar ved Grantchester Meadows, eit landskap som fekk ein varig plass i musikken og førestillingsverda rundt bandet. Vidare ser vi stader knytte til David Gilmour.

    Lunsjen et vi på The Anchor, der Syd Barrett i si tid kom for å drikke og høyre jazz. Etter lunsj går vi til King’s College og Mill Pond, eit av dei tidlege samlingspunkta i historia.

    Colin har ein nærast botnlaus kunnskap om Pink Floyd og kjenner både dei store linjene og detaljane som sjeldan finn vegen inn i dei vanlege biografiane. Han viser oss ikkje berre kvar historia hende, men fortel om kven som var der, kva som stod på spel, og korleis stadene heng saman med musikken. Ivar tilfører musikaren og komponisten sitt perspektiv. Saman opnar dei historia frå kvar si side.

    Minibussane gjer det mogleg å kome tettare på fleire av stadene enn ein ordinær rundtur kan, og det blir god plass til spørsmål undervegs.

    Tilbake på hotellet samlast vi til den andre samlinga med Ivar, der han deler historier og refleksjonar frå eit liv i musikken.

    (F, L)

  • Dag 3 - Fredag 10. september: Frå undergrunn til verdsscene

    Etter røtene i Cambridge følgjer vi Pink Floyd inn i London og miljøet der bandet fann uttrykket sitt. Colin fører oss gjennom ei musikalsk byhistorie som framleis ligg synleg mellom studio, tidlegare klubbar og heilt alminnelege bygningar.

    Vi startar i St. John’s Wood og området rundt Abbey Road Studios. Derifrå går vi til Regent Street Polytechnic, der Roger Waters, Nick Mason og Richard Wright møttest.

    Vidare går turen inn i Soho, der vi finn spor etter bustaden til Syd Barrett, Marquee Club og Trident Studios. Med høgt detaljnivå og solid forteljarevne bind Colin stadene saman til ei levande historie om bandet, byen og miljøet dei voks fram frå.

    Etter lunsj på eiga hand blir det tid til vinyljakt i Soho. I dei små spesialbutikkane kan ein leite etter sjeldne utgåver, alternative pressingar og andre musikalske skattar. Kvelden er fri, med eit stort utval av pubar, musikkstader og restaurantar rett utanfor døra.

    (F)

  • Dag 4 - Laurdag 11. september: Musikken finn si form

    Den siste heile dagen tek oss vidare frå dei tidlege klubbåra og inn i den større historia om britisk progrock. Vi startar i Notting Hill, der vi vitjar All Saints, dei tidlege managementkontora til Pink Floyd og området rundt Island Studios. Her finn vi spor etter eit London der artistar, produsentar, plateselskap og nye idear levde tett på kvarandre.

    Deretter går turen til Camden og Roundhouse, ei av dei sentrale scenene i den britiske motkulturen og progrockhistoria. Vi får også tid til å utforske Camden Market, vinylbutikkane og pubane i området.

    Seinare samlast vi til den tredje og siste samlinga med Ivar. Denne gongen er det ein samtalesirkel, der vi saman ser tilbake på dagane, deler inntrykk og stiller spørsmåla vi framleis sit med.

    Om kvelden møtest vi til felles avslutningsmiddag.

    (F, M)

  • Dag 5 - Søndag 12. september: Heimreise

    Etter frukost har vi litt tid på eiga hand før vi reiser med buss til flyplassen. Deretter set vi kursen heimover – med nye perspektiv på musikken og stadene som forma Pink Floyd.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
8/9BergenLondonMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
8/9OsloLondonMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
8/9Utan flyreiseLondonMeir enn 818 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo