Skip to main content

Temareiser med Magni Flyum | Fotefar Temareiser

Magni Flyum, kjend som @MagFly, er ein norsk strikkedesignar. Ho har fått stor merksemd for kreative og fargerike strikkemønster, og for måten ho kombinerer tradisjonelle teknikkar med moderne uttrykk.

På Instagram har ho bygd opp eit stort og aktivt følgje. Der deler ho både ferdige prosjekt og strikketips, og mange har funne vegen inn i strikkinga gjennom det ho legg ut. Ho har utvikla ei rekkje mønster som har inspirert både erfarne og heilt ferske strikkarar.

Slik er det å reise med Magni

På strikketurane våre er Magni med heile vegen. Det blir strikkeøkter undervegs, hjelp når ein står fast, og tid til å sitje saman med andre som synest det same er gøy.

Det er ein av dei turane der reisefølgjet blir viktig fort. Folk kjem åleine og reiser heim med nye strikkevener.

Kva slags reiser?

Magni er fagguide på strikketurane våre, til stader der ull og strikketradisjon er ein del av kulturen og landskapet.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo