Skip to main content

Temadagar på ærverdige Kviknes Hotel

Hotellet vart reist i sveitserstil på slutten av 1800-talet og er eit av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Kviknes ligg idyllisk til ved Sognefjorden i nasjonalromantiske omgjevnadar. Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista. Her kan du rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen. Eller du kan gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år.

 

Søk
Verdshistoria på ærverdige Kviknes Hotel med Terje Tvedt

Verdshistoria på ærverdige Kviknes Hotel med Terje Tvedt

26. – 29. mai 2023. Dette er ei langhelg i verdshistoria frå dei første sivilisasjonane, over kinesiske dynasti og det osmanske riket, til framveksten av den moderne verda, Vestens siger og dominans på 1800-talet, til det spente tilhøvet mellom Kina og USA og klimakrisa i dag. Alt dette blir plasse...

4 dagar Frå 9 950,- Les meir
Språkreisa – norsk gjennom to tusen år med Sylfest Lomheim

Språkreisa – norsk gjennom to tusen år med Sylfest Lomheim

2. - 5. juni 2023. Vi vil gjerne invitere til temadagar om historia til språket vårt på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. I foredraga sine inviterer Sylfest Lomheim oss med på ei reise tilbake til opphavet til språket vårt. Reisa startar med røtene til språket som kom frå Afrik...

4 dagar Frå 9 950,- Les meir
Dialektar – ei talemålsreise med Gunnstein Akselberg

Dialektar – ei talemålsreise med Gunnstein Akselberg

15. - 18. september 2023. Fotefar inviterer til temadagar om dialektar på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand. Vi er så heldige å ha med Gunnstein Akselberg som kåsør og fagguide. Han vil med sine store kunnskapar, gode formidlingsevner og sin lune veremåte halde kåseri og elles lose gruppa gjenno...

4 dagar Frå 9 950,- Les meir
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo