Skip to main content

Temareiser med Gunnstein Akselberg | Fotefar Temareiser

Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han arbeider med sosiolingvistikk, dialektologi og namneforsking, og han har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia.

Mange kjenner han likevel best frå radio og fjernsyn. I mange år hadde han språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland, og han har vore språkkonsulent og medverkande i «Eides språksjov» på NRK1.

Slik er det å reise med Gunnstein

Gunnstein er den som gjer at eit stadnamn plutseleg blir ei historie. Kvifor heiter ein fjord det han heiter, kva fortel namnet om folka som budde der, og kva spor har norrønt språk lagt att på øyane vestover?

Han held foredrag undervegs, men like viktig er samtalane mellom foredraga. Han er raus med kunnskapen og har ingen sperrer mot å bli avbroten med spørsmål.

Kva slags reiser?

Gunnstein er med på cruise i Vesterled og på elvecruise i Europa, ofte saman med andre fagguidar. Han er ein av dei fagguidane som følgjer flest av dei store reisene våre.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo