Herborg Kråkevik er skodespelar og artist, kjend for kabaretane sine og for tolkingane av gamle norske folkevisar. Ho har vunne to komiprisar, ho blei Årets spellemann i 2000, og ho har gjennom formidlingsevna si vore med på å fornye delar av den norske kulturarven.
Ho er òg ein av dei fremste Piaf-tolkarane i Noreg. Ho har turnert med Piaf-førestilling, gitt ut albumet «Piaf og eg» og laga ein dokumentar om artisten for NRK.
Slik er det å reise med Herborg
Herborg er med som musikar. Det vil seie at ho held minikonsertar for gruppa undervegs, på stader der musikken høyrer heime.
Det er ein annan oppleving enn å sitje i ein konsertsal. Når ho syng Piaf i Paris for tretti menneske, er avstanden mellom scene og sal borte.
Kva slags reiser?
Herborg er fagguide på elvecruise og på reiser der musikk og kulturhistorie heng saman.




