Skip to main content

Temareiser med Kirsti MacDonald Jareg | Fotefar Temareiser

Kirsti MacDonald Jareg er halvt norsk og halvt skotsk-keltisk, og slekta på den skotske sida kjem frå dei gælisktalande områda i det skotske Høglandet og Hebridane. Ho vaks opp mellom ulike land og kontinentar og er utdanna psykolog med tilleggsutdanning i sosialantropologi og sakprosastudiar.

Ho lir av det ho sjølv kallar islomani: ei besetting på øyar. Det er ei liding ho varmt vil tilrå alle.

Dei nordatlantiske øyane er hennar hjartesak og heimterreng som forfattar. Ho har skrive reiseskildringar frå Skottland, Irland, Island og nordatlantiske øyar, og held foredrag om desse stadene for eit publikum som kjem att år etter år. Torbjørn Færøvik skreiv om boka hennar om Island: «Jareg er både leiksam og lærd. Nærare Island kjem du ikkje, med mindre du reiser dit.»

Søk
Reisekalender
15/10Berlin bak fasaden med Erle Marie SørheimFrå 17 950,-
15/10Berlin bak fasaden med Erle Marie SørheimFrå 16 550,-
15/10Mitt Sicilia med Marie Olsson NylanderFrå 29 950,-
15/10Mitt Sicilia med Marie Olsson NylanderFrå 24 900,-
19/10Champagne Masterclass med Norsk VinfagskoleFrå 64 960,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo