Skip to main content

Temareiser med Linda Eide | Fotefar Temareiser

Linda Eide er fødd og oppvaksen på Voss og jobba som journalist og programleiar i NRK i 35 år. Ho står bak programkonsept som Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov, som gjorde språk til laurdagsunderhaldning på NRK1 gjennom tolv sesongar.

Ho har fått Gullruten for beste programleiar og Kulturdepartementets nynorskpris, mellom fleire utmerkingar. Etter at ho slutta i NRK i 2024 er ho fristilt og turnerer med språksjov saman med Gunnstein Akselberg og Sjur Hjeltnes.

Slik er det å reise med Linda

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor folk kjem att. Ho har brukt eit heilt yrkesliv på å finne det som er interessant i det andre går forbi, og ho gjer det same på reise. Ein dialekt, eit stadnamn eller ein vane blir plutseleg verdt ein halvtime.

Kva slags reiser?

Linda er fagguide på cruise og elvecruise, ofte saman med Gunnstein Akselberg eller Sjur Hjeltnes.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo