Skip to main content

Turar med Lise Askvik

Lise Askvik har ei svært allsidig karriere. Med utdanning i språk, økonomi og journalistikk byrja ho i radioen i 1993. Frå då av har ho vore i TV både som programleiar og kjendisreportar. Medan ho jobba i TV2 og TVNorge, dreiv ho også nettsida parforhold.no. I tre år var ho i Norsk Ukeblad. Hausten 2003 byrja ho igjen i radio P4, med mellom anna mediekritikk i humorprogrammet «Oss megger imellom».

Kampen hennar for rettane til kvinner med brystkreft må trekkjast fram som eit viktig pluss i den lange CV-en hennar. I 2011 og 2012 gjekk ho sjølv igjennom vellukka behandling for brystkreft. Etter 14 år i P4 slutta ho for å gå inn i politikken og stifta det riksdekkande Helsepartiet i 2017.

Ho har også skrive fleire bøker med ulike tema, mellom anna to om helse på Aschehoug forlag.

No er Lise Askvik å høyre på Radio Vinyl som hyggeleg selskap kvar laurdag og søndag, der ho spel og pratar om mykje god musikk.

Søk
Reisekalender
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
27/5Fantastiske Færøyane med Dag LindebjergFrå 25 950,-
27/5Fantastiske Færøyane med Dag LindebjergFrå 25 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo