Skip to main content

Cruise i Vesterled med Linda Eide og Gunnstein Akselberg

27. august - 3. september 2027.

Liverpool – Skottlands vestkyst – Orknøyane – Shetland – Liverpool.

I 2025 tok Linda Eide og Gunnstein Akselberg showet sitt til elvecruise. I 2026 vart havcruiset deira utseld på rekordtid. No er dei klare for ein ny runde, og vi er glade for å invitere til eit heilt spesielt språk- og kulturcruise til dei skotske øyane også i 2027! På denne turen får du språkkveldar, kåseri om språk og historie, god tid til opplevingar i land – og ei flott reise gjennom nokre av dei mest særprega kystlandskapa i Nord-Europa.

Vi startar reisa med fly til Manchester og vidare med busstransport til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord på cruiseskipet Borealis. Frå Liverpool seglar vi nordover mot dei skotske øyane, og passerer dei særmerkte landemerka Fingal’s Cave og Bac Mòr undervegs. Første stopp er Kirkwall på Orknøyane, før turen held fram til Lerwick på Shetland, der vi kan utforske den vesle, koselege byen og lære meir om øygruppa si rike historie. Etter dagane i nord set skipet kursen sørover att, og vi nyt rolige dagar til sjøs før vi returnerer til Liverpool og reiser heim.

Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides språksjov på NRK. Språkprofessor Gunnstein Akselberg har vore forelesar på fleire turar til dei skotske øyane, og har stor interesse for dette vakre området.

Shetland og Orknøyane har ei historie som heng tett saman med vår eiga, og dei har alle tre interessante kulturelle særtrekk. Det mest talte språket på øyane er skotsk, men fleire snakkar gælisk. Det er heller ikkje lenge sidan det norrøne språket døydde ut her, og ein finn det spesielt igjen i dialektord og stadnamn. Her er det mykje stoff å lage språkmoro med! Det blir tre språkkveldar med ulike tema om bord, så dette blir ei veldig kjekk oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg på TV-skjermen.

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Viktig informasjon: 

Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden må fyllast ut på nettet av den reisande sjølv (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet si gyldigheitstid er kortare enn to år. 

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gjeve refusjon for slike endringar i programmet. 

Om skipet

Borealis  

Vi seglar med Borealis – eit elegant og romsleg skip som er oppkalla etter nordlyset, eit symbol på eventyr og oppdaging. Skipet har om lag 702 gjesteluggarar og byr på ein  varm og innbydande atmosfære. Her finn vi fleire restaurantar med variert meny, trivelege barar og salongar der ein kan slappe av. For dei som ønskjer aktivitetar, er det teater, handverksrom, treningssenter og eit flott spa-område. Borealis er designa for komfort og gode opplevingar, med store dekk og fine fellesareal. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 27. august - Vi reiser til Liverpool

    Avreise frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Manchester. Flytider kjem seinare. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Busstransport til hotellet i Liverpool sentrum for dei som kjøper turen inkludert flyreise. Om kvelden anbefaler vi eit besøk på Cavern Club, der gode coverband speler Beatles-musikk.

  • Dag 2 : Laurdag 28. august - Liverpool og om bord på cruiseskipet Borealis

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaia i Liverpool seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Borealis, har 702 lugarar og tilbyr ei cruiseoppleving med ein varm, innbydande og elegant atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Frå Liverpool seglar vi sakte ut frå Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover forbi Isle of Man mot Shetland.
    (F, M)

  • Dag 3 : Søndag 29. august – Til sjøs – seglar forbi Fingal’s Cave og Bac mòr

    Etter ein god frukost får vi det første kåseriet frå Gunnstein. Tema kjem seinare.

    Denne dagen går med til å segle nordover langs austkysten av Skottland På vegen passerer vi to landemerke som vikingane også må ha styrt etter for over tusen år sidan.

    Fingal’s Cave er kjend for dei symmetriske søylene av basaltstein som stig rett opp frå havet. Sjølve grotta har eit naturleg bogeforma tak som skaper ei trolsk stemning når bølgjene slår mot veggane og lagar ekko. Det blir sagt at denne grotta inspirerte Mendelssohn til å komponere Hebridane-ouverturen. Det vart rapportert at komponisten straks skreiv ned opningstemaet til komposisjonen etter å ha sett øya på ein båttur i 1829. Først kalla han verket Zur einsamen Insel (Til den einsame øya), men han bestemte seg seinare for den noverande tittelen.

    I følgje legenda bygde kjempa Finn McCool Fingal’s Cave som eit tilfluktsstad frå erkefienden Benandonner. Denne staden skal ha strekt seg heilt til Giant’s Causeway i Nord-Irland, som har liknande steinformasjonar. I august badar mange i det klare vatnet kring grotta, og frå dekk på skipet kan vi sjå folk symje og snorkle mellom dei sekskanta søylene.

    Bac Mòr, også kalla Dutchman’s Cap på grunn av den soppforma silhuetten sin, er ei av dei mest kjende av Treshnish-øyane i dei indre Hebridane. I sommarmånadene kan ein sjå frodige grasmarker og eit mangfald av villblomar på øya. Bac Mòr er eit naturvernområde, så her er både hekkande lundefuglar, alker, havhestar og polarlomvi.

    Det blir det god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar (nokre av desse kan ein bestille på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det butikkar, bibliotek, treningsrom, utandørs løype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Borealis med sauna, symjebasseng og badestampar.

    På kvelden møtest vi til fellesmiddag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4 : Måndag 30. august – Kirkwall på Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til tidleg kveld i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen). Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans, Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.

    Når vi er tilbake på skipet er det klart for den første språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein. Sidan vi nettopp har vore på Orknøyane, kan kanskje tema vere noko frå desse øyane. I kjend stil blir det mykje språkmoro og mykje nytt å lære frå dei to. Vi gler oss!

    Etter middag i restauranten set skipet kurs i retning Shetland. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5 : Tysdag 31. august – Lerwick på Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar me inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi tid i land til å bli kjend i den vesle bykjernen. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også høve til litt handling. 

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland, og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Når vi er tilbake på skipet, er det klart for ny språkkveld med Linda og Gunnstein. Sidan vi nettopp har vore på Shetland og Orknøyane, kjem det kanskje noko frå desse øyane. Spesielt Shetland har mange stadnamn og ord og uttrykk frå norrønt, og den siste som snakka det gamle språket norn, døydde midt på attenhundretalet.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørvestover. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 6 : Onsdag 1. September – Dag til sjøs - siste språkkveld

    Denne dagen brukar vi i ro og mak om bord medan skipet seglar sørover langs vestkysten av Skottland. Etter frukost kan ein nyte livet på dekk, lese ei bok i biblioteket, ta ein spasertur i løypa, besøkje spaet eller finne seg ein god stol med utsikt over havet. Undervegs får vi servert både lunsj og seinare felles middag i vår faste avdeling i hovudrestauranten.

    Før middag er det klart for den siste språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. Denne kvelden bind dei saman trådane frå heile reisa, frå norrøne ord på Shetland og Orknøyane til gæliske uttrykk frå Hebridane, og gir oss både latter, lærdom og nokre siste språkgodbitar å ta med oss heim.
    (F, L, M)

  • Dag 7 : Torsdag 2. september – Ankomst Liverpool

    Om morgonen seglar vi roleg inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til hotellet vårt i Liverpool. Her har me ein roleg ettermiddag og kveld som ein kan nytte til det ein vil.
    (F)

  • Dag 8 : Fredag 3. september – Fly heim til Noreg

    Etter frukost på hotellet tek bussane våre oss til flyplassen i Manchester for heimreisa tilbake til Norge.
     (F)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
27/8BergenBorealisMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
27/8BergenBorealisMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
27/8OsloBorealisMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
27/8OsloBorealisMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
27/8OsloBorealisMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
27/8StavangerBorealisMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
27/8TrondheimBorealisMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
27/8Borealis
Utan flyreise
Meir enn 821 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo