
9. – 13. septemper 2026.
Bli med på ei unik musikkreise til London og Cambridge – byane der Pink Floyd‑historia starta. Med oss har vi fagguide Ivar Storm Peersen, kjend som Ivar Bjørnson frå det internasjonalt anerkjende bandet Enslaved. Ivar er ein av Noregs mest kunnskapsrike formidlarar av musikkhistore, og kombinerer innsikt, erfaring og eit heilt spesielt engasjement for både Pink Floyd og den britiske musikkarven. Han vil gjennom heile turen dele historier, perspektiv og små overraskingar som berre ein aktiv musikar kan gi.
I løpet av turen får vi utforske ikoniske stadar frå livet til Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour, møte lokalguide Colin, og kjenne atmosfæren i bydelar fulle av rockehistorie. Vi ruslar gjennom klassiske pubar, besøker legendariske studio og vandrar i fotspora til bandet. Og for dei som elskar vinyl, er dette turen der ein verkeleg kan gå på skattejakt – frå små, tronge spesialbutikkar i Soho til store skattkammer i Camden.
Dette er ei reise med musikk, historie, lune forteljingar og stemningar du tek med deg lenge etter siste akkord er spelt.





