Skip to main content

Pink Floyd, vinyljakt og handverksøl med Ivar Storm Peersen frå Enslaved

9. – 13. septemper 2026.

Bli med på ei unik musikkreise til London og Cambridge – byane der Pink Floyd‑historia starta. Med oss har vi fagguide Ivar Storm Peersen, kjend som Ivar Bjørnson frå det internasjonalt anerkjende bandet Enslaved. Ivar er ein av Noregs mest kunnskapsrike formidlarar av musikkhistore, og kombinerer innsikt, erfaring og eit heilt spesielt engasjement for både Pink Floyd og den britiske musikkarven. Han vil gjennom heile turen dele historier, perspektiv og små overraskingar som berre ein aktiv musikar kan gi. 

I løpet av turen får vi utforske ikoniske stadar frå livet til Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour, møte lokalguide Colin, og kjenne atmosfæren i bydelar fulle av rockehistorie. Vi ruslar gjennom klassiske pubar, besøker legendariske studio og vandrar i fotspora til bandet. Og for dei som elskar vinyl, er dette turen der ein verkeleg kan gå på skattejakt – frå små, tronge spesialbutikkar i Soho til store skattkammer i Camden. 

Dette er ei reise med musikk, historie, lune forteljingar og stemningar du tek med deg lenge etter siste akkord er spelt.

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Viktig informasjon 

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav 

  • Informasjon om ETA (Storbritannia): 
    Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år. 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Dagsprogram

  • Dag 1: Onsdag 9. september - Ankomst London & første pint

    Vi landar i London og tek inn på eit sentralt hotell, slik at vi har byen tett på frå første stund. Etter litt tid til å finne oss til rette, går vi til ein av dei klassiske pubane, intime og historiske The Porterhouse i Covent Garden for fellesmiddag. Etter middag samlar vi gruppa, og Ivar ønskjer velkomen med ei lett og inspirerande innføring i Pink Floyd, London og musikkmiljøet dei vaks fram i. Kvelden handlar om å lande i byen, bli kjent og finne den rette stemninga. 

    (M)

  • Dag 2: Torsdag 10. september - Cambridge – tilbake til starten

    Denne dagen går turen til Cambridge, byen der Pink Floyd tok sine aller første steg. Vi startar i det vakre området rundt Grantchester Meadows, før vi stoppar utanfor huset til David Gilmour og vandrar vidare mot King’s College, som inspirerte songen Shine On You Crazy Diamond. Ved Mill Pond får vi sjå eit av dei tidlege samlingspunkta til bandet, og undervegs besøker vi nokre av dei historiske musikkstadene og butikkane der medlemmane kjøpte instrument i ungdomsåra. 

    Etter lunsj held vi fram til skuleområda der både Waters og Barrett gjekk, og til barndomsheimane deira. Vi besøker også huset der Syd Barrett budde i åra etter han forlet Pink Floyd, og ikkje minst staden der omslaget til albumet Ummagumma vart fotografert. Om ettermiddagen reiser vi tilbake til London, der vi får sjå fleire Pink Floyd‑lokasjonar, mellom anna Alexandra Palace, Archway – der bandet hadde tidlege øvingar – og Britannia Row Studios. Her ventar også ei lita overrasking, og Ivar deler historier frå eit liv i musikkens teneste – alltid eit populært og personleg innslag. 

    (F,L)

  • Dag 3: Fredag 11. september - Pink Floyd i London

    Vi startar dagen i St. John’s Wood og tek turen innom området rundt Abbey Road Studios, før vi går vidare til Regent Street Polytechnic, der Pink Floyd spelte nokre av sine tidlege konsertar. På vegen får vi sjå både Advision Studios, det legendariske Speakeasy og den ikoniske UFO Club, som var sentrum for psykedelia i London. Deretter går turen vidare til Denmark Street, Londons berømte gitargate, før vi held fram inn i Soho for å sjå både Syd Barrett sitt tidlegare bustad, stamkaféane, Marquee‑klubben, Trident Studios og Ronnie Scott’s. 

    Etter lunsj får vi tid til ein av dei verkeleg store godbitane på turen: vinyljakt i Soho og Camden. Her bugnar butikkane av sjeldne pressingar, alternative utgåver og rein nostalgi. Kvelden avsluttar vi i Camden, der vi finn eit breitt utval av pubar og restaurantar med musikkpreg og god stemning. 

    (F)

  • Dag 4: Laurdag 12. september - Progrock, marknadar og bryggeribesøk

    Vi startar dagen i Notting Hill, der vi besøker All Saints – staden der Pink Floyd i si tid var husorkester – og dei tidlege managementkontora deira, før vi tek ein tur innom Island Studios. Etter ein roleg lunsj drar vi vidare til Camden, der Roundhouse og det fargerike Camden Market inviterer til både kultur, handel og musikkglede. 

    Resten av dagen står litt meir ope. Du kan velje mellom meir vinyljakt, ein runde innom dei musikkhistoriske pubane Hawley Arms, Good Mixer og Dublin Castle, eller kombinere Notting Hill og Camden med eit besøk på det lokale bryggeriet Fuller's i Chiswick. På kvelden møtest vi til ein felles avslutningsmiddag på ein av Londons beste gastropubar, The Harwood Arms i Fulham. Ivar tek seg av oppsummering og deler betraktningar. 

    (F,M)

  • Dag 5: Søndag 13. september - Heimreise

    Vi et ein roleg frukost saman før vi set kursen heimover, med vinyl i bagasjen, musikk i hovudet og Pink Floyd‑stemning i kroppen.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/9BergenLondonMeir enn 821 990,-BestillMer informasjon
9/9OsloLondonMeir enn 819 990,-BestillMer informasjon
9/9London
Utan flyreise
Meir enn 817 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo