Skip to main content

Sveits - Luzern

Kva med å ta din neste konferanse/bedriftstur til vakre omgjevnader i Dei sveitsiske alpane?

Den sjarmerande byen Luzern ligg ved innsjøen Lucerne i det sentrale Sveits, omlag ein time frå Zürich. Området er rikt på naturopplevingar, historie og spennande aktivitetar og har ei lang historie, der det er funne spor av menneske datert attende til år 30.000 f.kr.  Eit besøk i Luzern gjev ein smakebit av den autentiske og tradisjonelle sveitsiske kulturen, samstundes får ein nyte godt av moderne konferansefasilitetar, gode hotell og spennande teambuildingsaktivitetar. Byen tilbyr også mykje spennande når det gjeld mat og drikke med inspirasjon frå fransk, tysk og italiensk mat- og vinkultur.

Luzern er ein spennande destinasjon både på sommar og vintertid, og vi skreddarsyr aktivitetar etter årstid og ønskje.

Døme på aktivitetar i området: 
Byrundtur
Fottur til Mount Pilates
Offroad sykling i fjellområda rundt byen
Båttur på Lucerne
Oppleve verdas brattaste toglinje
Klatreaktivitetar
Vintersportsaktivitetar

Konferansemoglegheiter:
Gode møtefasilitetar for alle typar grupper, også store konferansar
Moglegheit for å halde konferanse i flotte lokalitetar 2.132 m over havet
Eigen reiseleiar frå Fotefar som også legg til rette møter og konferansar
Moglegheit for å ha med kjende kåsørar som er knytt til Fotefar Temareiser

Kontakt oss på gruppetur@fotefartemareiser.no for nærare informasjon og tilbod.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo