
7. - 13. oktober 2026.
Det er noko avslappande og mediterande med å vere med på elvecruise. Fotefar har gleda av å ønske velkomen til ei roleg og innhaldsrik strikkereise langs Seinen, frå lysande Paris til kysten av Normandie. Om bord på elvebåten glir vi gjennom eit kulturlandskap forma av handel, handverk og historie, medan vi koser oss med strikking som både teknikk og uttrykk.
På denne turen knyter vi saman masker, mønster og materiale med stadene vi besøker. Gjennom foredrag og verkstader får du innblikk i europeisk strikkehistorie, blondestrikk og fiskartrøyer. I tillegg får du tid og rettleiing til å utvikle eigne strikkeprosjekt inspirerte av reisa. Dette er ein tur for deg som ønsker fagleg fordjuping utan stress, i eit fellesskap prega av ro, nysgjerrigheit og delte opplevingar. Mellom strikkeøktene ventar gode måltid, konsertinnslag, utflukter og landskap som sakte glir forbi utanfor panoramavindauga.





















