
3. - 11. september 2026.
Bli med til eitt av verdas vakraste land med frodige dalar, imponerande fjell, karakteristiske steppelandskap og nokre av dei eldste vinmarkene i verda. I Georgia finn vi spor etter store imperium, revolusjonar og krigar, men også gamle kulturar med sterke tradisjonar, gjestfridom og verdas eldste vinproduksjon. Plasseringa på Silkevegen mellom aust og vest har gjort Georgia til ein smeltedigel kulturelt sett og eit ynda erobringsmål for stormaktene.
Vi besøker pittoreske landsbyar, Kaukasus-fjella og den historiske hovudstaden Tbilisi, der både Hamsun og Nansen har late etter seg spor.
Erika Fatland er med oss på reisa som fagguide. Ho er forfattar av kritikarroste bøker som Sjøfararen, Sovjetistan, Grensen og Høyt, der ho tek lesarane med til nokre av verdas mest utilgjengelege områder. Med ein kombinasjon av personlege møter og historisk innsikt har ho skildra livet i dei tidlegare sovjetrepublikkane.
Gjennom fem foredrag vil Erika gi oss innsikt i historia til Georgia, men også ei djupare forståing av Russland, dei tidlegare sovjetrepublikkane og Russlands naboland. Vi løfter blikket og lærer meir om korleis historia, stormaktspolitikken og arven frå Sovjetunionen framleis pregar denne regionen, og kva det betyr for verda i dag.