Skip to main content

Sagn og musikk langs Donau med Linda Eide og Sigrid Moldestad

16. - 21. august 2026.

Passau - Melk - Wien - Esztergom - Budapest.

Språkdronninga Linda Eide og folkemusikaren Sigrid Moldestad starta sitt samarbeid med det uhøgtidlege kappleikshowet Jaktstart med felebyte, til Landskappleiken på Voss i 2011. Sidan har dei granska både jazzen si historie i melodi grand prix, kåsert over tema som ord på vandring, dialektar i folkemusikken, og elles hatt fleire møter på scena, i skjeringspunktet mellom språklege raritetar og musikalske vandrehistorier. 

No tek dei turen saman med oss, til elva over alle elvar; Donau. 

For det er ikkje berre den klassiske musikken frå Sentral-Europa som har påverka oss nordmenn. Også folkemusikken vår er prega og inspirert av kulturområda langs Donau, og desse områda er igjen inspirert av denne mektige elva. Medan elvebåten siglar si ferd til kulturelle og musikalske stoppestader syner Eide og Moldestad overraskande bindeledd til i musikken vi ser på som typisk norsk, og gir deg eit skråblikk på klassiske komponistar. Og i god Donau-ånd blir det både musikk, poesi og språklege blomar langs elvebreidda, og ganske sikkert ein tur innom jodlingas sjel. Alt knytt i hop med uhøgtidleg varme og sjarme – og ein ørliten dæsj Melodi Grand Prix! (Sigrid Moldestad har jo tross alt deltatt i den internasjonale finalen, med hardingfela!)

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS France (4 stjerner). Alle måltida om bord med drikke er inkluderte. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir verkeleg ei unik kulturell og musikalsk oppleving på mektige Donau.

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

  • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.
  • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.
  • Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.
  • Utfluktene merka med “mogeleg val” er arrangerte av elvebåten og har guiding på engelsk.
  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Om båten

MS FRANCE

Ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med drikke er inkluderte.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 : Søndag 16. august - Passau

    Fly frå Norge om morgon/føremiddag (tider kjem) til Munchen. Buss til Passau i Tyskland (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise), der vi blir ønska velkomne om bord på skipet. Vi får tid til å finne oss godt til rette i lugarane, før kapteinen introduserer mannskapet med ein velkomstcocktail. Etterpå blir det velkomstmøte og den første kvelden med Linda Eide og Sigrid Moldestad. Elvebåten lettar så anker og set kursen mot den vakre regionen Engelhartszell rett over grensa til Austerrike.
    (M)

  • Dag 2 : Måndag 17. august - Melk - Dürnstein - Wien

    Når vi vaknar neste morgon, er vi framme i byen Melk i Austerrike. Den vesle byen med berre 5000 innbyggarar ligg der elva med same namn renn ut i Donau. Etter ein god frukost er det mogeleg å bli med på ei valfri utflukt der ein besøker Melk-klosteret (mot tillegg i prisen), eller ein kan oppleve denne vakre byen på eiga hand. Vi vender tilbake til skipet på føremiddagen og nyt lunsjen medan vi dreg vidare til Dürnstein. Her vert det ein kortare stopp der vi kan utforske denne pittoreske landsbyen og den barokke kyrkja. Dürnstein-borga er den mest kjende i Wachau-regionen takka vere Richard Løvehjarte. Den engelske kongen sat fengsla her frå 1192 til 1193. I 1645, under Tredveårskrigen, vart borga sprengd av den svenske hæren.

    Vi returnerer om bord på ettermiddagen før vi cruisar vidare til Wien. Før middag samlast vi i salongen. Når vi kjem fram til Wien, er det mogeleg å bli med på ei valfri utflukt (mot tillegg): Rundtur i Wien på kveldstid.
    (F, L, M)

    Måndag 17. august - Melk - Dürnstein - Wien
  • Dag 3 : Tysdag 18. august - Wien

    Noko av det fine med elvecruise, er at ein kjem heilt inn i sentrum av storbyane utan å stå i kø i timesvis i trafikken. Wien har alt ein kan ønske seg av ein europeisk storby med storslegne slott, praktfulle bygningar, konsertar, galleri og museum. Den sjarmerande bykjerne står på UNESCO si verdsarvliste, og heilt frå omkring 1800 har Wien vore den leiande musikkbyen i verda med berømte komponistar og utøvande kunstnarar.

    Vi startar dagen med frukost i elvebåten før det er god tid til å utforske byen. Det vil også vere mogleg å melde seg på ei utflukt rundt i Wien og til Schönbrunn-palasset (mot tillegg i prisen). Schönbrunn er eit av dei mest imponerande barokkslotta i Europa og er den største attraksjonen i Wien og i heile Austerrike. Slottet vart bygt på slutten av 1600-talet som sommarresidens for keisarane i Habsburg-imperiet.

    Tilbake på båten for lunsj.

    Vi nyt ettermiddag i denne fantastisk flotte byen i vårt eige tempo, og spesielt anbefalt er ein tur på dei ærverdige, historiske kaféane i sentrum. Kafélivet i Wien har lang tradisjon. Frå 1890-åra og utover byrja ei gruppe unge forfattarar, såkalla «Jung Wien» å møtast på kafé, der dei diskuterte litteratur, kunst og politikk. I dag er kafélivet framleis ein viktig del av livet i Wien. Til kaffien bør ein bestille Sachertorte. Dei mest kjende kaféane hevdar alle at dei har den beste oppskrifta, og den berømte kaka er ein så viktig del av Wien-kulturen at ho har fått plass på UNESCO si verdsarvliste. 

    Vi vender tilbake til skipet og seglar vidare til Budapest og passerer Bratislava på vegen. Denne kvelden er det gallamiddagen vår på skipet, og vi får servert ein utmerka 4-rettars meny frå kjøkkenet.

    Etter gallamiddagen er det klart for ny kveld med Linda og Sigrid. Vi gler oss!
    (F, L, M)

  • Dag 4: Onsdag 19. august - Esztergom og Budapest

    Denne morgonen stoppar vi først i byen Esztergom, og her får vi litt tid til å utforske byen på eiga hand. Esztergom var hovudstaden i Ungarn frå starten av 1000-talet til utpå 1200-talet. Byen har i dag i underkant av 30 000 innbyggjarar og ligg fint til på breidda av Donau. Katedralen er faktisk den tredje største i Europa og byen er erkebispesete i Ungarn, så her er det vakker kyrkjekunst å sjå, blant anna ei samling freskomaleri frå 1100- til 1300-talet. Vi kan også anbefale Donau-museet, som har mykje informasjon om elva, og fleire interaktive modellar som viser vassførsel og mykje anna.

    Slovakia ligg rett over elva, så viss ein har tid, kan ein også ta seg ein liten tur over til eit nytt land.

    Rett etter lunsj startar vi seglinga mot Budapest, og på vegen passerer båten gjennom Gabcíkovo-slusene, som er nokre av dei største på heile elva. Vi vil også krysse Dunajské luhy verneområde, eit stort areal med våtmarker, flaumområde og vatn som inneheld sjeldne plantar og dyr.

    Framme i Budapest om kvelden. Byen ligg nydeleg til langs breidda av Donau og er ein av dei vakraste byane i Europa. Det blir tid til ein kveldstur i den ungarske hovudstaden for dei som ønsker det.
    (F, L, M)

    Onsdag 19. august - Esztergom og Budapest
  • Dag 5: Torsdag 20. august - Budapest

    Etter ein lang og god frukost kan ein nytte tida i Budapest på eiga hand eller bli med på ekskursjonar arrangerte av cruiseselskapet (blant anna til dei berømte Gellért-bada). Vi anbefaler å besøke begge dei to bydelane - vakre Buda og livlege Pest. Storbyen har eit mangfald av arkitektur som inkluderer barokk, gotisk, sovjetisk og moderne stil, side om side. Dersom ein tek seg opp til høgda over byen, får ein eit fint utsyn over Donau-elva og dei ruvande bygningane som den fantastisk flotte Parlamentsbygningen.

    Etter middag er vi klare for den siste kvelden med Linda og Sigrid. Vi kan kanskje forvente oss språkmoro og musikk inspirert av det ungarske og aust-europeiske denne kvelden i Budapest.
    (F, L, M)

  • Dag 6 : Fredag 21. august – Budapest og heimreise

    Vi nyt ein siste buffetfrukost om bord før avstiging. Buss til flyplassen (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise) og fly tilbake til Norge.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/8BergenMS FranceMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
16/8OsloMS FranceMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
16/8StavangerMS FranceMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
16/8TrondheimMS FranceMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
16/8PassauMS France
(Utan flyreise)
Meir enn 823 750,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo