Skip to main content

Kulturreise til Lisboa med Erika Fatland

26. august - 2. september 2026.

Velkommen med på ei fantastisk spennande reise gjennom Portugals rike historie saman med forfattar Erika Fatland!

Med Erika si nye bok Sjøfareren som utgangspunkt, vil ho på denne turen gi oss djupare innsikt i historia til det portugisiske imperiet som strekte seg frå Kapp Verde til Goa og frå Nagasaki til Amazonas. Vi får høyre om portugisiske sjømenn som Henrik Sjøfareren og Vasco da Gama, som opna sjøvegen til India og endra verdshistoria for alltid. Erika vil også fortelje om kva spor portugisarane har etterlate seg rundt om i verda, og kva impulsar dei har teke med seg heim.

På første utflukta vandrar vi gjennom dei sjarmerande bydelane Chiado og Rossio der lokale guiden tek oss med på ei tidsreise gjennom smale gater og gir oss innsikt i maurarane sin lange påverknad på den iberiske halvøya. I Belém besøker vi Sjøfartsmuseet og det ikoniske Oppdagingsmonumentet som er eit symbol på Portugal si storheitstid som sjøfartsnasjon.

I Sintra utforskar vi den praktfulle kongelege palassen og får høyre om det dramatiske fallet til det portugisiske imperiet. På denne turen får vi også oppleve ein stemningsfull fado-kveld, der vi lærer å kjenne den portugisiske kulturen gjennom musikk og tradisjonell mat – ein kveld vi seint vil gløyme.

Dette er ei svært innhaldsrik reise gjennom kultur, historie og landskap, som blir toppa med spennande foredrag av Erika Fatland i møte med lokal kultur, arkitektur, lokal mat og menneske. Erika si nye bok,  Sjøfareren, tek for seg den rike historia til det portugisiske imperiet. Boka har fått  veldig god omtale!

Søk

Viktig informasjon

Informasjon om helsekrav

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 26. august – Velkomen til Lisboa

    Avreise frå Oslo og Bergen tidleg om ettermiddagen. Framme i hovudstaden Lisboa om kvelden, og bussen vår tek oss rett til hotellet (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Det har 4 stjerner og gir oss enkel tilgang til sentrum, perfekt for dei som ønsker å utforske byen på eiga hand.

    Etter innsjekkinga samlast vi til eit kort møte, og reiseleiar orienterer om turen og det som ventar oss dei komande dagane. Denne kvelden kan du nyte middag på eiga hand på ein av dei restauranter i nærleiken av hotellet.

  • Dag 2: Torsdag 27. august – Historisk vandring i Lisboa

    Vi startar dagen med ein god frukost før Erika Fatland held det første foredraget sitt: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfareren til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal blei ei verdsmakt gjennom oppdagingsreisene. 

    Etter foredraget køyrer vi med buss til Belém og besøker Sjøfartsmuseet, som fortel historia om Portugal som leiande sjøfartsnasjon. Her ser vi skip, navigasjonsinstrument og det berømte sjøflyet Santa Cruz. Vi går vidare til Oppdagingsmonumentet, reist i 1960 for å markere 500-årsjubileet for Henrik Sjøfarerens død. Vi tek oss god tid til lunsj på eiga hand før bussen køyrer oss til sentrum av Lisboa. Her får vi ein kort byvandring med lokalguide gjennom dei historiske bydelande i Lisboa. Chiado har lenge vore eit sentrum for Lisboa sitt kulturelle og intellektuelle liv. På 1800- og 1900-talet var området kjent for sine teater, kafear og bokhandlar, som tiltrekte seg kunstnarar, forfattarar og intellektuelle. Eitt av dei mest kjende møtestadene i området er Café A Brasileira, der poeten Fernando Pessoa ofte var gjest.

    Under vandringa går vi innom Rossio, eitt av dei viktigaste og mest ikoniske torga i Lisboa, der folkelivet blomstrar mellom historiske bygningar og sjarmerande kaféar. Vidare kjem vi til Carmo, der ruinane av det gotiske klosteret minner oss om jordskjelvet i 1755, og den stolte historia som følgde. Dei som ønsker det, kan returnere med buss til hotellet, medan mange nok vil bli igjen og utforske byen vidare.

    Om kvelden blir det velkomstmiddag på hotellet. Her blir det servert ein god tre-retters middag med drikke til maten.

    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 28. august – Muskatmani og Den kongelege byen Sintra

    Etter ein god frukost gjer vi oss klare til det andre foredraget: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Her vil Erika forklare korleis jakta på krydder ikkje berre dreiv oppdagingane, men også forma den globale økonomien i fleire hundreår. 

    Etter foredraget set vi kursen mot den vakre byen Sintra (Mogeleg val mot tillegg i pris – Utflukt til Sintra og Cascais), kjend for sitt frodige landskap og flotte kongelege sommarresidensar. Sintra har ei rik historie som strekker seg tilbake til maurisk tid, og byen har i fleire hundreår vore ein tilfluktsstad for portugisiske kongar og adelsmenn. I 1995 blei Sintra erklært verdsarv av UNESCO på grunn av den unike kombinasjonen av vakker natur og arkitektonisk prakt.

    Under besøket vårt i Sintra, vil vi utforske Palacio Nacional de Sintra, eitt av dei mest ikoniske monumenta i Portugal. Dette slottet, som daterer seg tilbake til maurisk tid, var i mange hundre år ein favorittresidens for dei portugisiske kongane. Palasset er kjent for sine to store, kjegleforma skorsteinar og ei unik blanding av gotisk, manuelinsk, renessanse- og maurisk arkitektur. Her kan vi utforske dei rikt utsmykka salane og nyte den imponerande utsikta over byen og det omliggjande landskapet.

    Vi tek oss god tid i Sintra for lunsj på eiga hand, før turen går vidare til Cabo da Roca, eit spektakulært punkt på Europas vestlegaste fastland, der mektige klipper stuper rett ned i Atlanterhavet. Staden er kjend som "der landet endar og havet byrjar," eit sitat frå den portugisiske poeten Luís de Camões.

    På vegen tilbake gjer vi eit stopp i den elegante kystbyen Cascais, som tidlegare var eit populært tilfluktssted for europeisk adel. Her kan vi rusle langs promenaden og ta ein kaffi på ein av dei mange uterestaurantane ved hamna.

    På ettermiddagen er vi tilbake på hotellet.

    (F, M)

  • Dag 4: Laurdag 29. august – Vestlege delen av Lisboa og Nobelprisvinnaren Saramago

    Etter ein god frukost på hotellet tek vi bussen oss til ein felles utflukt. Vi skal til den vestlege delen av Lisboa for å besøke Fundação do Oriente. Dette er eit museum og ein kulturinstitusjon som formidlar Portugals lange og mangfaldige historie med Asia. Utstillingane viser korleis portugisarane, som dei første europeiske sjøfararane til India, Kina, Japan og Sørøst-Asia, opna nye handelsruter og kulturforbindelsar på 1500-talet. Museet rommar ei rik samling av kunst og gjenstandar frå tidleg handel og misjon, og gir eit fascinerande innblikk i korleis austlege og vestlege kulturar møttest gjennom fleire hundreår.

    Etter besøket tek vi oss god tid til lunsj på eiga hand før turen går vidare til Casa dos Bicos, eit av dei mest særprega bygga i Lisboa. Fasaden med dei karakteristiske diamantforma steinblokkene vart reist tidleg på 1500-talet av Brás de Albuquerque, son av den berømte oppdagaren Afonso de Albuquerque. Huset vart sterkt skadd under jordskjelvet i 1755, men er i dag vakkert restaurert og huser Fundação José Saramago, oppretta til ære for den portugisiske Nobelprisvinnaren i litteratur. Her får vi innblikk i forfattarskapen til Saramago, som med si skarpe penn skildra menneske, makt og moral i Portugal og verda elles.

    På kvelden er vi klare for ein ugløymeleg fado-kveld med tradisjonell portugisisk 3-retters middag (Mogeleg val mot tillegg i pris – Fado kveld). Fado er ein melankolsk og emosjonell musikktradisjon som har sitt opphav i Lisboa tidleg på 1800-talet. Denne musikkforma formidlar sterke kjensler av lengsel, kjærleik og tap, og er djupt forankra i den portugisiske sjela.

    (F)

  • Dag 5: Søndag 30. august – Dagen på eiga hand

    Denne dagen er sett av til å utforske Lisboa på eiga hand. Byen innbyr til rolege rusleturar mellom bakkar og trange smug, små kafear, bokhandlar og utsiktspunkt over Tejo-elva.

    For dei som ønskjer det, tilbyr vi eit elvecruise på Tejo (mogeleg val, mot tillegg i prisen – Elvecruise på Tejo, med brunch). Turen varer i om lag to timar og gir eit overblikk over Lisboa frå sjøvegen, der ein kan sjå både den historiske bykjernen, 25. april-brua og det staselege Kristusmonumentet på motsett breidd. Undervegs vert det servert ein god brunch om bord, inkludert i prisen.

    Dei som ikkje er med på utflukta har dagen på eiga hand til å utforske Lisboa i sitt eige tempo. Vi tilrår eit besøk på Calouste Gulbenkian Museum, eit kunstmuseum med vakre hageområder eller ein tur til Castelo de São Jorge og Alfama område. 

    Denne kvelden er det middag på eiga hand, og det er mange hyggelege restaurantar å velje mellom i nærleiken av hotellet.
    (F)

  • Dag 6: Måndag 31. august – Spora etter imperiet og storslegne Mosteiro da Batalha

    Vi startar dagen med frukost samlast vi eit nytt spennande foredrag av forfattaren Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med på ei reise gjennom dei dramatiske hendingane som har forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte landet inn i ei ny tid.

    Denne dagen er det mogleg å bli med på ein utflukt nordover frå Lisboa. (Mogeleg val, mot tillegg i prisel - Utflukt til Óbidos og Batalha). Første stopp er den sjarmerande mellomalderbyen Óbidos, kjend for sine kvite murhus, smale brusteinsgater og den imponerande bymuren som omkransar byen. Her tek vi ei kort felles vandring gjennom sentrum, før det vert tid på eiga hand til å utforske dei historiske gatene, kjenne på atmosfæren og smake på den lokale spesialiteten Ginjinha, ein søt kirsebærlikør som ofte vert servert i små sjokoladekoppar. Lunsj på eiga hand i Óbidos før vi køyrer vidare.

    Framme i Batalha får vi omvising på det storslegne Mosteiro da Batalha, eitt av dei mest ikoniske klostera i Portugal og oppført på UNESCO si verdsarvliste. Klosteret vart bygd til minne om portugisarane si siger i slaget ved Aljubarrota i 1385 og står som eit mektig symbol på sjølvstende, tru og gotisk arkitektur på sitt mest praktfulle.

    Vi tek oss god tid her før vi returnerer til hotellet på ettermiddagen.

    (F)

  • Dag 7: Tysdag 1. november – Muskatmani og vingarden Sanguinhal

    Etter ein god frukost gjer vi oss klare til siste foredraget på turen: Sporene etter imperiet. Erika Fatland guida oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet. 

    Etter foredraget har vi moglegheita til å delta på ei utflukt (Mogeleg val mot tillegg i pris – Utflukt til vingarden Sanguinhal Estate) Denne vingarden, med røter heilt tilbake til 1926, er kjend for sitt handverk og lidenskap for portugisisk vinproduksjon. Her får vi ei omvising som gir oss eit innblikk i den tradisjonelle vinproduksjonen frå vinrankane til det ferdige produktet. Vi får høyre historier om familien som har drive vingarden gjennom generasjonar og sjølvsagt smake på vinen.   

    Etter omvisinga ventar ein god lunsj med lokale rettar, nøye utvalde for å komplimentere dei vinane som vi får servert. Her kan vi lene oss tilbake og ta inn den rolege atmosfæren av det autentiske Portugal. Tilbake på hotellet på ettermiddag. 

    Dei som ikkje er med på utflukta har dagen på eiga hand til å utforska Lisboa i sitt eige tempo. Reiseleiarane kjem gjerne med tips og råd til både opplevingar, shopping og gode spisestader.  

    Denne kvelden samlast vi til ei felles avslutningsmiddag på hotellet, der vi får servert ein god trerettars middag med drikke til maten.

    (F, M) 

  • Dag 8: Onsdag 2. november – Heimreise

    Etter frukost denne dagen har vi god tid til å nyte dei siste timane i Lisboa før avreise. Kanskje freistar ein roleg spasertur i nærområdet, eit besøk på ein kafé eller siste handel før heimreise.
    Utpå ettermiddagen tek bussen oss frå hotellet til flyplassen for dei som har bestilt turen inkludert flyreise. Fly frå Lisboa til Oslo, med ankomst seint på kvelden.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
26/8OsloLisboaMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
26/8LisboaLisboa
Utan flyreise
Meir enn 822 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
13/11Toscana med Merete BøFrå 29 950,-
13/11Toscana med Merete BøFrå 25 450,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo