Skip to main content

Musikktur til Dublin med Bård Ose

2. - 6. september 2026.

Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har mellom anna gitt ut bøker om band som The Beatles og The Rolling Stones, skrevet om rock- og pop-miljøet i Bergen og vore medforfattar av det anerkjente «Norsk pop & rock‑leksikon». I over to tiår var han ein av stemmene bak radioprogrammet «P.I.L.S.» på NRK P1 — og har også vore programleiar for «Ren 60» og «Gammelnorsk» på P1+. Nyleg har han takka for seg etter over 27 år i NRK-universet, og står no klar til å ta deg med på denne musikalske opplevinga.

Vi besøker sjølvsagt det berømte området Temple Bar. Det blir pubbesøk med den beste irske tradisjonsmusikken og besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 : Onsdag 2. september - Til Dublin og guida vandretur i byen

    Fly frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Bussen hentar oss på flyplassen, og køyrer oss til hotellet vårt i sentrum av Dublin. Der set vi frå oss bagasjen vår, før vi går ut for å ete ein god velkomstlunsj på ein irsk pub, samt ein guida vandring i byen.

    I løpet av den guida vandreturen går vi til St. Stephen’s Green via ei av Dublins georgianske gatar, kor vi får høyre om livet her på 1700-talet. Vidare får vi høyre om påskeopprøret i 1916, Wolfe Tone og hungersnøda. Vi passerer blant anna arkeologimuseet, parlamentet, Kildare Street Club, Trinity College, Molly Malone-statua og Dublin Castle.

    Elles er Irland kanskje det landet i Europa der tradisjonsmusikken er mest levande, og Dublin er full av pubar med irsk livemusikk. I tillegg finst det spor av tradisjonsmusikk i mykje av rock og pop som har komme frå Irland dei siste tiåra.

    Etter vandreturen går vi tilbake til hotellet vårt, og sjekker inn på romma.

    Om ettermiddagen møtest vi i eit konferanserom på hotellet for å få Bård Ose si aller første forelesing om irsk musikk. Etterpå kan dei som vil, vere med reiseleiaren på pub. Vi satsar på å gå til ein plass med irsk tradisjonsmusikk. Det berømte området Temple Bar har livemusikk kvar kveld og er eit “must” å gå innom. Eit anna alternativ er O'Donoghue's, som brukte å vere stampuben til bandet The Dubliners. Elles finst det eit utal pubar med irsk folkemusikk i sentrum, så her er det berre å velje.
    (L)

  • Dag 2: Torsdag 3. september - Irish Rock’n Roll Museum og Musical Pub Crawl

    Etter ein ekte irsk frukost er vi klare for Bård Ose si andre forelesing om irsk musikk. Bård har hatt fleire musikkturar til Liverpool og London med Fotefar og får strålande kritikk for forelesingane sine. Han har ei unik evne til å fortelje historier og anekdotar som treff både dei med mykje og dei med mindre kunnskap om rockehistoria.

    Denne dagen blir full av musikk og irsk musikkhistorie, frå dei siste 50 åra. Vi startar med besøk på The Irish Rock’n Roll Museum, som tek for seg den irske rock- og pophistoria, og korleis den irske tradisjonsmusikken har påverka banda. Musikarar som The Chieftains, The Waterboys, Clannad, Enya og Gary Moore har teke med seg folkemusikken inn i populærmusikken og gjort irsk tradisjonsmusikk kjend overalt. Irsk rock har hatt enorm suksess verda over med blant andre Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2. Elles har nyare popmusikk som Westlife og Boyzone dominert hitlistene.

    Etterpå er det tid for lunsj på eiga hand. Vi kjem oss også tilbake til hotellet på eiga hand. Det er fleire restaurantar og kaféar i nærleiken av hotellet.

    Om kvelden møter vi lokalguiden vår som tek oss med på ein Musical Pub Crawl i sentrum. Det er høve til å kjøpe seg mat undervegs. Vi kjem til å oppleve mykje fantastisk irsk tradisjonsmusikk, med topp stemning! Nokre pubar har større scener, men det er framleis vanleg med den gamle måten der musikarane sit på eit bord saman med gjestene. Det er ei heilt spesiell oppleving å komme så nær musikarane og å ta del i ein folkemusikktradisjon som i høgste grad framleis er levande.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 4. september - Windmill Lane Studios

    Etter frukost er vi igjen klare for Bård Ose sitt foredrag på hotellet. Han tek gjerne imot innspel på kva del av irsk musikkhistorie han skal snakke om, så det er lov å komme med ønske om ein spesiell musikar eller eit band.

    Det neste på programmet er besøk på Windmill Lane Studios. Dette studioet var først kjent som innspelingsstad for irsk tradisjonsmusikk, men etter kvart har både Van Morrison, Sinéad O’Connor, Elvis Costello, The Rolling Stones, The Cranberries, Metallica, Status Quo, Kate Bush og Clannad spelt inn plater her. Mest kjent er nok studioet likevel for at det er svært mykje brukt av U2.

    Etter at vi har hatt god tid i platestudioet, blir det felleslunsj på ein typisk irsk pub, før vi har resten av dagen på eiga hand. Dei som vil, kan shoppe eller slappe av med ein kopp kaffi eller ein guinness på irsk pub.

    Reiseleiaren kjem til å komme med forslag på kva ein kan gjere desse timane. Vi tilrår bland anna eit besøk på det verdskjende Guinness-bryggeriet. Sjølv om det er mange turistar innom portane der, er det likevel ei oppleving.

    Nokon vil kanskje nytte litt av tida til å slappe av på hotellet før vi møtest igjen og går saman ut på musikkpub, der ein også kan kjøpe seg mat.
    (F, L)

    Fredag 4. september - Windmill Lane Studios
  • Dag 4: Laurdag 5. september - The Merry Ploughboy Pub

    Vi startar dagen med ein ekte irsk frukost før vi møtest på konferanserommet på hotellet for Bård Ose si forelesing. Her får vi servert anekdotar og morosame historier frå irsk rockehistorie. Ein tidlegare deltakar på tur med Bård sa dette om forelesingane hans: «Det er fantastisk å starte dagen med så mykje godt humør og latter.»

    Elles har ein mykje av denne dagen til eiga rådigheit. Ein kan spørje reiseleiar om tips til kva ein kan gjere denne dagen.

    Om ettermiddagen møtest vi att på hotellet for Bård Ose sitt andre foredrag, før vi er klare for endå eit høgdepunkt på turen: Irsk kveld på The Merry Ploughboy Pub. Denne tradisjonsrike puben og konsertstaden ligg ein liten køyretur med buss utanfor Dublin, og er kjend som ein av dei aller beste musikkpubane i heile Irland. Den har både vunne prisen Music Pub of the Year in Ireland og Best Dinner/Entertainment Event in Ireland kvart år frå 2011-2018, med unntak av 2015. I tillegg er det den einaste musikkpuben i Irland som er eigd av musikarane sjølve.

    Vi får først servert ein treretters middag der ein kan velje mellom hovudrettar med irsk vri, som Guinness-marinert stuing av Angus-biff og kylling frå Limerick med irsk potetkake. Etter middag startar sjølve showet med både irsk tradisjonsmusikk og dans. Det blir også ei oppvising med Riverdance.

    Buss tilbake til hotellet vårt i Dublin sentrum etterpå.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 6. september - Heimreise

    Etter ein tidleg frukost blir vi henta av bussen vår som tek oss med til flyplassen. Fly til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/9BergenDublinMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
2/9OsloDublinMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
2/9StavangerDublin425 950,-BestillMer informasjon
2/9TrondheimDublin425 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo