Etter frukost legg opp til ei vandring saman med Kirsti Jareg, frå hotellet og ned til Tinganes, det historiske sentrum i Tórshavn. Her har det blitt halde ting heilt sidan vikingtida, og det er her den færøyske regjeringa har sitt sete i dag. Området ligg vakkert til på eit nes mellom to hamner, og er prega av smale gater og raudmåla trebygningar. Ein spasertur gjennom Tinganes er som ei reise tilbake i tid.  
Elles har Torshavn fleire små nisjebutikkar i sentrum som sel lokale varar, som ullprodukt, kunsthandverk og lokal design. Så kanskje vil nokon ta seg tid til å handle litt? Lunsj på eiga hand.  
Nordens Hus er også verdt å besøke. Dette er eit kulturhus med fokus på nordisk musikk, kunst og litteratur. Sjølve huset er ein attraksjon i seg sjølv, då det er designa med både norsk granitt, finske møblar og svensk treverk, for å nemne noko. Det er også ein koseleg kafé her. I nærleiken ligg også Listasavn Færøya, nasjonalgalleriet, med ei spannande samling færøysk kunst, som skildrar naturen og historia til øya. 
På ettermiddagen samlast vi til det første foredraget med Kirsti Jareg, der ho skildrar reiser, menneske og øysamfunnet – med utgangspunkt i boka Hav på alle kantar. I foredraget tek Jareg oss med til nordatlantiske øyar, og viser korleis naturen og havet har forma livet på Færøyene og andre øyar i vest. Kva gjer slike samfunn så særprega og interessante? Dette vil vi få svar på!  
Som eit alternativ til middag i Torshavn, kan ein denne kvelden oppleve noko heilt spesielt, Heimablídni «eit måltid heime hos» (mogleg val mot tillegg i prisen). Det færøyske uttrykket «heimablídni» tyder direkte heimleg gjestfridom, og her skal vi få oppleve nettopp dette, eit autentiske måltid heime hos lokale personar. Vi skal få nyte eit tradisjonelt heimelaga færøysk måltid på tre timar hos Anna og Óli i huset deira i Velbastaður. Dette er ein unik sjanse til å bli kjend med både maten og menneska på Færøyane. Pris kr 3480,- pr. person. Turen inkluderer transport og 4 rettars måltid inkludert drikke. Minimum 4 personar. 
(F, L)