16. - 20. juli 2026.
Mellom Nordsjøens hamner og kanalbyar ligg eit Europa forma av handel, konflikt og samarbeid. På denne turen med det klassiske cruiseskipet Ambience får vi oppleve tre av kontinentets mest sentrale kulturar, den britiske, nederlandske og belgiske. Undervegs får vi høyre fire spennande foredrag med den kjende historikaren, forfattaren og samfunnsdebattanten Hans Olav Lahlum.
Med sitt engasjerande språk og evne til å knyte trådar mellom fortid og notid, tek Lahlum oss med på ei reise gjennom historia: Frå Storbritannias moderne utvikling via den nederlandske og belgiske erfaringa, til den større forteljinga om den vestlege verda i endring frå 1914 til i dag.
Reisa startar med ei natt i England, før vi legg ut på eit cruise mellom hamner som har vore vitne til alt frå industrialisering og kolonitid til gjenreising og moderne velferd. I Nederland og Belgia møter vi land med stolte tradisjonar innan kunst, arkitektur og handel, og med ei historie som fortel mykje om korleis Europa vart forma.





































