
5. - 12. mai 2026.
Warszawa – Treblinka - Łódź - Wrocław - Praha.
Bli med historikar og fagguide Guri Hjeltnes på ei lita reise gjennom europeisk historie, i fotefar etter andre verdskrig, jødisk kultur og historie. Frå Warszawas mektige minnesmerke til dei skjøre spora etter jødiske samfunn i Łódź og Wrocław, og vidare til Praha. Gjennom foredrag og besøk på ulike historiske plassar får du eit unikt innblikk i verdskrigen og den jødiske kulturens rikdom og tragedie.
Gjennom heile turen får vi oppleve gripande forteljingar frå andre verdskrigen. Polen var det første landet som vart okkupert av Nazi-Tyskland i september 1939, og på denne reisa følgjer vi nokre av dei mange spora frå krigsåra. Vi ser restane av Warszawa-gettoen, vitjar den tidlegare nazistiske tilintetgjeringsleiren, Treblinka. Vidare vil vi gå i fotspora til jødisk kultur og samfunnsliv som ein gong blømde i Łódź og Wrocław. I Praha utforskar vi korleis jødisk kultur har forma byen gjennom historia, med besøk både på det moderne Kafka-museet og på den gamle jødiske gravlunden. Med innsikter frå lokale ekspertar og personlege forteljingar, får vi ei unik tilnærming til korleis fortida framleis pregar Europa i dag.
Guri Hjeltnes er er historikar, journalist og ein av Noregs fremste formidlarar av krigshistorie, og vil på denne turen guide oss gjennom ei reise som kombinerer historie og kultur. Ho var i 12 år direktør ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret).
Dette er ei reise som gir rom for både kunnskap, refleksjon og inspirasjon – med sterke historiske inntrykk.























