
1. - 7. oktober 2026.
Bli med på ei inspirerande haustreise til Nerja på den andalusiske kysten. Med Middelhavet som bakteppe og med kvitkalka landsbyar i nærleiken, legg vi ramma for ei veke med fotografering, fagleg påfyll og gode samtalar. Dette er reisa for deg som vil utvikle blikket ditt, anten du bruker mobil eller kamera, og som ønskjer å kombinere læring med opplevingar i vakre omgjevnader. Det blir tid til rekreasjon, sjå det vakre i det enkle, vere kreative saman med borddekking, blomar og mat.
Med oss på reisa er Lise Mari Stang-Jacobsen, kjend for mange som @Hverdagslykkelise. Ho har gjennom fleire år inspirert tusenvis gjennom sosiale medium, der ho deler tankar om kvardags glede, å vere til stades og det å skape meining i det nære. I Nerja vil ho følgje oss gjennom heile veka med rettleiing, samtalar og felles gjennomgang av bilete. Ho deler erfaringar, gir konkrete råd og skaper rom for refleksjon, slik at kvar deltakar kan utvikle sitt eige uttrykk. Lise er utdanna kokk og arbeider som fotograf. Ho lever etter mottoet at gleda og kvardagslukke finst i det enkle.
Gjennom byvandringar i Nerja arbeider vi med kvardagsmotiv, arkitektur og lys i tronge smau og opne plassar. Vi dreg til den kvite fjellandsbyen Frigiliana, der vi fotograferer mellom bratte gater og blomstrande fasadar. Vi arbeider med portrett på stranda, naturmotiv i landskapet og stemningar ved solnedgang frå Balcón de Europa. Undervegs tek vi oss tid til samtalar om komposisjon, bruk av lys, fokus og forteljing. Vi tek òg fine portrettbilete av oss sjølve og kvarandre. Vi dekkjer bord saman og reflekterer over fargar, stemningar og komposisjon.
Dagane er lagde opp med ein god balanse mellom felles aktivitetar og eiga tid. Nokre økter er praktiske og strukturerte, andre meir opne og utforskande.
Velkomen med på ei veke der fotografiet, kreativiteten og jakta på det som gir oss glede i kvardagen står i sentrum, i møte med sørspansk lys, fellesskap og nye perspektiv.












