
5. - 9. august 2026.
Bli med på ei unik reise til Færøyane – eit øyrike med fantastisk natur, levande kultur og sterke historiske band til Norge.
Frå 800-talet seilte norrøne nybyggjarar vestover og slo seg ned på Færøyane sine 18 grøne klippeøyar. På denne turen går vi fotefara deira.
Vi besøker kongsgården Kirkjubøur, der Sverre Sigurdsson gjekk i prestelære før han blei konge av Norge. I den idylliske hovudstaden Tórshavn utforskar vi Tinganes, det gamle vikingparlamentet. Eit besøk til dei eldste langhusa på Færøyane er sjølvsagt. Vi møter også dagens færøyingar og blir kjend med dei som bur her. Gjennom desse møta får vi ei unik innsikt både i historia og i dagens situasjon.
Med oss har vi forfattar og fagperson Kirsti MacDonald Jareg, som har skrive fire bøker frå øyane i vest. Gjennom utflukter og foredrag delar ho sin kunnskap og innsikt med oss. Bli med på ei uforgløymeleg reise!

















