Skip to main content

Vandretur på Shetland

1.-5. august 2026.

Shetland er eit fantastisk reisemål for dei som likar vandreturar, med sitt opne, grøne landskap, rike fugle- og dyreliv, og dramatiske klipper. Vi startar turen med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi skal bu på hotell i Lerwick. Hovudstaden har om lag 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Byen er kjend for nisjebutikkar med lokalt utval, koselege gater og det innhaldsrike Shetland Museum. Her er historiske bygningar og fleire stadar i sentrum finn du gater og hus du kan kjenne att frå scener i krimserien «Shetland».

Øysamfunnet Shetland har sterke band til Norge. Heilt frå vikingane kom hit på slutten av 800-talet og etablerte seg her med eigne lover og språk, har det vore sterke band mellom oss. Under andre verdskrig vart desse banda knytte endå tettare saman. Framleis er vi populære gjester her borte.

Vandreturane er om lag 3-5 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Dei er klassifisert som relativt lette til middels tunge. Nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.

 

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Om visum/innreiseløyve og helsekrav:  

  • Informasjon om ETA (Storbritannia):
    Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet si gyldigheitstid er kortare enn to år.
  • Bussar og hotell på Shetland er lite tilrettelagt for personar med rørslehemmingar. Kontakt oss gjerne om konkrete spørsmål.  

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
1/8BergenShetlandMeir enn 827 450,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo