Skip to main content

Kulturreise til vakre italienske byar med Tommy Sørbø

30. juni-05. juli 2026.

Velkommen med på ei uforgløymeleg reise til vakre Gardasjøen og operabyen Verona. Vi kan vente oss humor, drama og tragedie når kunsthistorikaren Tommy Sørbø tek oss med på kulturreise gjennom renessansen- og seinromantikkens Italia.  

Under turen bur vi godt til i landsbyen Lazise, like ved Gardasjøen. Derifrå er det relativt kort avstand til dei spennande kulturbyane Sirmione, Mantova og Verona. Den kunstneriske og musikalske ramma for reisa er Operafestivalen i Arena di Verona. I løpet av opphaldet vil vi få med oss minst ei storslått framsyning; Verdis dramatiske og romantiske «Aida» (produksjon, Franco Zefirelli). Ein kan og melde seg på ei ekstra framsyning av Puccinis «La Bohéme», ei uforgløymeleg historie om vennskap og kjærleik (produksjon, Alfonso Signorini). Undervegs på bussturane og på rusleturar i idyllisk landskap, kan vi vente oss eit djupdykk inn i Italias fascinerande kulturhistorie.

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 30. juni - Utreise

    Avreise frå Oslo/Bergen på føremiddagen med fly til Milano. Tilknyting frå andre byar er tilgjengeleg ved førespurnad.

    Framme på flyplassen blir vi henta av bussen. Etter ein kort køyretur, stoppar vi på ein koseleg restaurant for felles lunsj. Tilbake på bussen, held vi fram turen gjennom den vakre regionen Lombardia. På bussen held Tommy kåseri som førebur oss på dei historiske og kulturelle inntrykka som ventar i løpet av turen. Det blir lagt opp til eit stopp på vegen. Seint på ettermiddagen kjem vi fram til den vesle byen og kommunen Lazise – Italias, og kanskje Europas, eldste kommune. Byen, med si rike historie som går tilbake til bronsealderen, ligg idyllisk til langs vestsida av Gardasjøen.

    Vi tek inn på hotellet vårt som ligg eit steinkast frå Gardasjøen. Her skal vi bu under heile turen. Alle turmåla våre ligg omkring Lazise i ein avstand frå ein halv til eitt par timar med buss, som gjer at det høver godt å reise ut om morgonen og attende om ettermiddagen/kvelden.   

    Om kvelden kan dei som vil ta inn på ein hyggeleg restaurant eller bar i nærleiken av hotellet eller nyte utsikta over Gardasjøen.

    (L)

  • Dag 2: Onsdag 1. juli - Lazise - Sirmione

    Etter ein typisk italiensk frukost pakkar vi dagstursekken vår og samlast på hotellet der reiseleiaren gir informasjon om turopplegget før vi får kåseri av Tommy Sørbø.

    Etter kåseriet går vi samla på ein rusletur langs strandpromenaden og den vidstrakte Gardasjøen, som strekker seg imponerande 52 kilometer inn i dei italienske Alpane. Medan vi nyt utsikta, ruslar vi vidare mot landsbyen Lazise. Herifrå tek vi båten til den vakre halvøya Sirmione. På turen over vatnet får vi sjå Gardasjøen frå eit nytt perspektiv, og kan ta innover oss det storslegne landskapet. Vel framme i Sirmione samlar vi oss for ein rusletur gjennom tronge, sjarmerande gater og til halvøyas historiske kjennemerker. Her blir vi betre kjend med kulturhistoria til halvøya.

    Det vert tid å til å utforske Sirmione og å finne seg lunsj på eiga hand. Dei som vil kan ta seg ein gåtur til Grotte di Catullo, ruinane til ein romersk villa frå det 1.århundre e.Kr. som ligg på spissen av halvøya (20 minutt ein veg). Andre vil kanskje utforske den koselege bykjernen. Reiseleiar kjem med forslag. Etter eit hyggeleg opphald i Sirmione, reiser vi tilbake til Lazise med båten om ettermiddagen.

    Felles middag på kvelden.

    (F, M)

    Onsdag 1. juli - Lazise - Sirmione
  • Dag 3: Torsdag 2. juli - Lazise - Verona - «Aida»

    Etter frukost har vi føremiddagen i Lazise. Tommy Sørbø tek oss med på ein rusletur langs den vakre Gardasjøen med tema «Frå vill til vakker – streiftog i natursynets historie».

    Etter tid i Lazise, der vi kan ete lunsj på eige hand, gjer vi oss klare til å reise på Operafestivalen i Verona og ein kveld med Guiseppe Verdis «Aida».

    Før avreise møtest vi på uteserveringa til hotellet på tidleg ettermiddag. Det vert kåseri med Tommy Sørbø om operahistorie, der vi får ei innføring i operaen “Aida” og Verdi, geniet bak. Temaet for kåseriet vil vere "Verdi, Aida og egyptomanien". Med mykje ny kunnskap og innsikt om operaen som ventar, gjer vi oss klare til å ta bussen til Verona der vi er resten av kvelden. Framme i Verona møter vi den dyktige lokalguiden vår for ei kort byvandring. Vi ser på «Julies hus», kjend frå Shakespeares “Romeo og Julie”. Vi får mellom anna høyre om kor viktig ulykkeleg kjærleik er for å skape kunst.

    Middag på eiga hand, før vi samlast og går inn på ærverdige Arena di Verona for å nyte framsyninga av «Aida». Arenaen er eit svært godt bevart romersk amfiteater, som står i sentrum av den historiske bykjernen i Verona.

    Etter ein minnerik kveld går vi til bussen som tek oss tilbake til hotellet. Vi er tilbake i Lazise seint om kvelden.

    (F, L)

    Torsdag 2. juli - Lazise - Verona - «Aida»
  • Dag 4: Fredag 3. juli - Lazise - Verona - «La Boheme»

    Etter ein innhaldsrik operakveld, tek vi oss tid til ein lang og god frukost.

    På føremiddagen kan ein utforske Lazise på eiga hand.  Vi kan anbefale å besøkje festninga Castello Scaligero di Lazise, som ligg i gåavstand frå hotellet. Festninga har fått namnet etter den mektige adelsfamilien Scaligeri, som styrte byen Verona og store delar av området rundt Gardasjøen fram til det 14. århundre. Festningsverket er delvis plassert i vasskanten og omsluttar den historiske gamlebyen.

    Felles lunsj på tidleg ettermiddag.

    Om kvelden kan dei som vil, bli med på nok ei framsyning på Operafestivalen i Verona (Mogleg valg mot tillegg i prisen). Denne kvelden kan vi vente oss Giacomo Puccinis meisterverk «La Bohème». På bussen til Verona, gir Tommy Sørbø oss ei innføring i operaframsyninga og kåserer om relasjonen til den norske bohem-tradisjonen med kunstnarar som Munch og Krogh. Vi er framme i Verona i det sola senkar seg. Vi nyt denne italienske sommarkvelden medan vi spaserer til Arena di Verona.

    Etter framsyninga går vi til bussen og reiser tilbake til Lazise seint om kvelden.

    (F)

    Fredag 3. juli - Lazise - Verona - «La Boheme»
  • Dag 5: Laurdag 4. juli - Mantova

    Vi startar dagen med ei god frukost. Om føremiddagen tek vi bussen til Mantova, som ligg cirka ein  time frå Lazise. Byen står på UNESCOs verdsarvliste for den eksepsjonelle renessansebyplanlegginga, arkitekturen og kulturen. Bussen køyrer oss til sentrum, derifrå går vi inn i det enorme hertugpalasset (Palazzo Ducale) til Gonzagafamilien som styrte Mantova fram til  det 17.århundre. Gjennom familiens store makt og kjærleik for kunst og kultur blei byen til eit viktig sentrum for renessansekunst. På vegen møter vi lokalguiden vår.

    Vi ruslar vidare til Teatro Bibiena di Mantova, eit 1700-tals teater der Mozart opptredde som ung gut. På teateret vil Tommy fortelje om teaterhistorie og by på eit innslag frå sitt eige forfattarskap. Vi kan vente oss god stemning og humor når Tommy Særbø leser frå komedien «Dråge» inspirert av italienaren Dario Fos. Vi får mellom anna svar på spørsmålet om kva som skjedde då ein forfylla spelemann frå indre Telemark møtte Dante.

    Ut mot ettermiddagen kan vi anbefale å ta inn på ein hyggeleg og ærverdig piazza sentralt i byen.  Her kan det verke som om tida har stått stille sidan 1400-talet, medan vi nyt atmosfæren og den eineståande renessansearkitekturen rundt oss.

    Seint om ettermiddagen reiser vi tilbake til Lazise.

    På kvelden reiser vi på ein hyggeleg restaurant i området rundt Lazise der vi har avskjedsmiddagen vår.

    (F, M)

    Laurdag 4. juli - Mantova
  • Dag 6: Søndag 5. juli - Heimreise

    Etter ein god frukost hentar bussen oss på hotellet og reiser til flyplassen i Milano.

    På bussen vil Tommy samle trådane og oppsummere turen vår. Det blir lagt opp til eit kort stopp på vegen. Framme på flyplassen reiser vi tilbake til Norge via Oslo og Bergen (Tilknytingar til andre byar er mogleg).

    Med mange fine minner etter turen, reiser vi heim med nye inntrykk frå Gardasjøen og Italias fantastiske kulturbyar.
    (F)

  • Viktig Informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/6BergenLaziseMeir enn 825 550,-BestillMer informasjon
30/6OsloLaziseMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
14/1Vinterreise til Færøyane med Kirsti MacDonald JaregFrå 16 950,-
8/2Vandretur på Gran CanariaFrå 19 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo