
9. - 15. juni 2026.
Kirsti MacDonald Jareg har eit nært og personleg forhold til Hebridane då røtene hennar kjem frå Ytre Hebridane, der bestemor hennar kom frå. Denne bakgrunnen gjer at ho har eit unikt perspektiv på livet, kulturen og historia til øyriket. Kirsti stortrivst på alle øyane og gler seg til å dele kunnskapen sin og opplevingar med oss på denne turen til det som National Geographic har omtala som «øyane på kanten av verda».
På reisa skal vi ikkje berre utforske dei vakre øyane, men også oppleve to av Skottlands mest tradisjonsrike byar: Edinburgh, med sin storslåtte arkitektur og rike historie, og Oban, den sjarmerande kystbyen, som er porten til Hebridane. Undervegs får vi høyre om folket som bur her, om gamle tradisjonar og om korleis naturen har forma livet på øyane.
Kirsti er forfattar og har tilleggsutdanning i sosialantropologi. Ho har skrive fleire reiseskildringar frå Atlanterhavsøyane, blant anna den kritikarroste boka Øyane i vest, som tek oss med til Hebridane, Orknøyane og Shetland. Ho seier sjølv at ho lid av «islomani» – ei uimotståeleg dragning mot øyar –, og det er ein «diagnose» ho ikkje har planar om å bli kurert for!
Dette blir ei reise fylt med kultur, historie og naturopplevingar, og med Kirsti som fagguide, skal vi ikkje berre sjå øyane, men også forstå dei.



















