.jpeg)
7. - 11. Oktober 2026
Fotefar temareiser inviterer til ei femdagars fordjupingsreise i Rembrandts liv og kunst frå dei første søkjande åra i Leiden, via gjennombrotet og dei store forteljande bileta, til dei seine og djupt menneskelege verka i Amsterdam.
Reisa blir leia av biletkunstnar Öde Spildo Nerdrum og professor i filosofi Einar Duenger Bøhn. Når vi står framfor verka, hjelper dei oss å sjå Rembrandts blikk og teknikk, og korleis han skildrar mennesket og dermed også noko i oss sjølve. Dei byr på meir enn ei vanleg omvising, og opnar kunsten frå innsida gjennom kunstnaren sitt perspektiv og gjennom filosofiske refleksjonar kring liv og erfaring. Alt blir formidla på ein levande og forståeleg måte som gjer det engasjerande og kjekt å vere med, uansett bakgrunn. Reisa krev ingen forkunnskapar.
Vi følgjer Rembrandt kronologisk og ser utvalde hovudverk i Leiden, Haag og Amsterdam i den rekkjefølgja dei blei til. Lokalguide Stine følgjer oss gjennom byane og tek seg av dei historiske rammene: stadene Rembrandt levde og arbeidde i, samt dei politiske, sosiale og kulturelle samanhengane som formar både kunsten og livet rundt han.
Amsterdam og Leiden byr på nydeleg arkitektur, stemningsfulle byrom og særs god mat, noko som også vert naturlege og viktige delar av reiseopplevinga. Mat og drikke er valde med omtanke og med vekt på godt handverk, kvaltet og enkle presise uttrykk.
Fotefar temareiser legg vekt på eksklusive opplevingar med roleg rytme og gjennomarbeidde program. Velkomen til ei reise der Rembrandt si livslange utvikling blir eit rom for innsikt, erfaring og ei djup sanseleg oppleving.

.jpeg)





