
28. april - 7. mai 2026.
Dette blir ei heilt spesiell reise med Claudia Scott til Nashville, Memphis og New Orleans! No kan du bli med den folkekjære artisten til byane og sørstatskulturen som har inspirert musikken hennar så mykje. Undervegs får vi oppleve minikonsertar med Scott, i tillegg til mykje anna livemusikk.
På turen får vi oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøker vi Elvis sin heim, Graceland, og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele!
Claudia Scott er ein norsk-britisk songar, musikar og låtskrivar. Ho flytta til Nashville i 1999 og vart ein del av det pulserande låtskrivarmiljøet der. I denne perioden medverka ho på plater for artistar som David Olney, Kieran Kane og Kevin Welch, og stod på scener som Ryman Auditorium saman med Welch. Claudia fekk også fleire SESAC-prisar (2003, 2006 og 2011) og to Spellemann prisar (1985 og 2014). Erfaringa frå Nashville pregar både uttrykket og repertoaret hennar – ikkje minst i låtar som «Wintertime in Nashville». Dette gjer ho til eit naturleg midtpunkt når vi reiser til musikkbyane Nashville, Memphis og New Orleans.