Avreise med direktefly frå Oslo om ettermiddagen. Ein kan også ordne flyreisa sjølv, og med det få redusert pris. Nokre flyselskap tilbyr reiser til og frå Gran Canaria om laurdagar, og vi tilpassar programmet, hotell og vandreturane etter dette. Dette kjem med atterhald om ledige hotellrom.
Vel framme på flyplassen ved Las Palmas den 11.02, møter de reiseleiar Rasmus Sunde frå Fotefar og guiden vår Nina. På veg med bussen til hotellet vårt i Las Palmas, vil dei informere om vandreturane og turopplegget. Vi sjekkar inn på det flotte Hotel Cristina.
Dei som kjem med fly laurdag 10.02, vil også bli møtt på flyplassen av reiseleiaren.
Etter ein god frukost startar vi dagen med ein kort busstur (ca. 20 min.) frå hotellet vårt til Bandama. Dette er den yngste vulkanen på øya og vart forma for ca. 2000 sidan. Vi startar vandreturen på ca. 1 ½ time i roleg tempo rundt kanten av krateret på ein kupert sti. Her får vi eit utruleg flott utsyn ned i Calderaen (gryta), over Las Palmas og utover landskapet i aust. Dette er ei relativt lett del av turen denne dagen.
Etter ein god pause på ein kafé, går vi ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama), som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Guiden vår Nina fortel om bakgrunnshistoria til naturfenomenet og elles om vegetasjonen i området.
Turen ned og opp att er på knapt 6 km og har ein høgdeskilnad på totalt 500 meter. Det er til dels litt bratt ned til krateret, men det er ein god sti. Vi anbefaler deltakarane å ta med stavar. Dette er ein medels tung tur, og om ein vil, treng ein ikkje gå heilt ned. Til slutt går vi innom kafeen og får oss forfriskingar. Etterpå tek bussen oss tilbake til hotellet. Før vi et fellesmiddag på hotellet, vil Nina guide gruppa vår til fots i området rundt hotellet og i området Las Canteras/Mercado del Ouerto.
(F, M)
Etter frukost køyrer bussen oss frå hotellet austover på øya (ca. 40 min.) for å vandre i det fantastisk vakre dalføret Guayadeque. Vi går først opp på kanten av den djupe dalen som var mest busett av urfolka på Gran Canaria. Guayadeque er framleis full av grottehus der det bur både fastbuande og feriefolk. Fleire av grottehusa er ombygde til restaurantar. Vi går vidare ned i botn av dalen igjen, og her kan ein velje om ein vil gå til enden av dalen eller halde fram med buss. Vi avsluttar turen med eit hyggeleg besøk på ein triveleg grotterestaurant med noko godt i koppen eller i glaset.
Bussen hentar oss og køyrer oss til hotellet – ca. 45 min.
Denne vandreturen er på 9 km med ca. 650 m opp og 370 nedover, er på ca. 4 timar og karakterisert som medels tung.
Middag på eiga hand om kvelden.
(F)
Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til Cueva Grande (ca. 45 min). Vi startar vandringa i byen og går oppover gjennom eit flott landskap med dalar, dyrkingsterrassar og skogsområde. Etter ein tøff stigning, får vi ei stor påskjøning når vi kjem opp på den høgste toppen på Gran Canaria, nemleg Pico de las Nieves. Her ventar magiske utsikter av det indre av øya og like bort til Tenerife.
Etter nedturen blir det avslapping med forfrisking, og så buss tilbake til hotellet (ca. 55 min).
Vandreturen er på ca. 7,5 km og vi går opp ca. 600 m opp og ca. 100 m ned, og vi brukar ca. 4 timar. Denne vandringa er medels tung og til dels noko krevjande.
Middag på eiga hand om kvelden.
(F)
Etter frukost køyrer bussen oss i ca. ½ time til Osorio der vandreturen startar. Denne dagen skal vi gå gjennom ein svært spesiell lauvskog som ofte blir kalla jungel. Denne skogen har 18 ulike typar lauvskogtre.
Vi startar vandreturen ved den historiske garden Osoria og tek ein tur inni kløfta for deretter å gå opp på den vesle toppen. Deretter vandrar vi ned gjennom eit vakkert og levande kulturlandskap før vi avsluttar inne i byen Teror for eit lite besøk og kaffi på torget ved sida av ei vakker kyrkje. Buss tilbake til hotellet ca. 30 min.
Dette er ein rimeleg lett tur på 8 km med 270 meter opp og ca. 350 meter ned og vi brukar ca. 3 ½ time.
Middag på eiga hand om kvelden.
(F)
Etter frukost blir det avreise frå hotellet med buss til Fagagesto, som tek ca. ein time. Turen startar frå Fagagesto og går ned ein spektakulær, grøn ravine med mange spennande plantar til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkanboble og vandrar opp ein gamal steinlagd sti som endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Her kan vi kjøpe oss kaffi eller noko anna å drikke på eit triveleg, lite hotell. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi nedover til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av den tropiske Agaete-dalen. Her stoppar vi for ei forfrisking før vi får ein 40 min. busstur tilbake til hotellet.
Turen denne dagen er på 5 timar og er på 9 km i relativt lett terreng, men med ein god del bratte parti nedover. Det er 230 meter stigning og 840 meter nedover og er rekna som medels tung. Ein kan også velje ein lettare variant der bussen køyrer til nærleiken av El Hornillo.
Avslutningsmiddag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Dette blir ein avslappande dag med litt guiding, vandring langs stranda og bading. Rasmus er med guppa. Avreise frå hotellet etter lunsjtid for dei som skal ha fly tilbake til Norge utpå ettermiddagen.
(F)
Etter ein noko tidleg frukost denne siste dagen, køyrer bussen oss til flyplassen. Fly til Oslo og framme om ettermiddagen.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
10/2 | Gran Canaria 2 Utan fly, 10.-17. februar | 2 | 14 950,- | BestillMer informasjon | |
11/2 | Oslo | Gran Canaria 2 | 5 | 18 950,- | BestillMer informasjon |
11/2 | Gran Canaria 2 Utan fly, 11.-18. februar | 7 | 14 950,- | BestillMer informasjon | |