Skip to main content

Berlin med Erik Fosnes Hansen: 500 års tysk historie på 5 forelesingar

5. - 9. september 2024.

Berlin er hovudstaden i Tyskland, og blir av mange rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dette er lett å skjønne på grunna av byen si svært interessante historie og rike kultur- og musikkliv. Fotefar teamareiser er svært glade for å tilby ein tur nettopp til Berlin med forfattaren Erik Fosnes Hansen. Han er kjend og kritikarrost for romanane sine, og bøkene hans er omsett til 30 ulike språk. I den siste boka Tyskland på 200 sider – historien om mange land som ble til ett skriv han om dette landet som har påverka verdshistoria på godt og vondt. Kvar dag held han kåseri om ulike sider av Tyskland og Berlin, og på utflukta til Potsdam vil han med forteljarglede ause av sine store kunnskapar.

Erik Fosnes Hansen vil også guide på byvandringane gatelangs i Berlin der vi blir kjende med dei flotte og monumentale bygningane som vart så mykje øydelagde under krigen, men er vakkert restaurerte. På vandreturane får vi også med oss besøk i det 368 meter høge og imponerande TV-tårnet i tillegg til orgelandakt i den vakre kyrkja, Berliner Dom. Det er også sjanse til å få med seg ein flott klassisk konsert.

Frå Fotefar har vi med oss historikar Rasmus Sunde som reiseleiar. Han kjenner Berlin godt då han har guida grupper fleire gonger i byen.

Vi har tilbod om å bu på to ulike hotell, eit 4* og eit 3*, og såleis blir turprisen forskjellig alt etter kva hotell ein vel å bu på.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 05. september - Til Berlin

    Avreise tidleg om morgonen frå Oslo. Utreise og tilknyting frå andre byar ved førespurnad. På køyreturen frå flyplassen i Berlin til hotella våre  vil fagguide Erik Fosnes Hansen og reiseleiar Rasmus Sunde frå Fotefar temareise fortelje om byen, og det vi skal oppleve på denne spennande turen.

    Vel framme på dei to hotella som ligg like i nærleiken av kvarandre, set vi frå oss bagasjen før det blir noko guiding. Vi går til hovudgata Under den Linden og vidare til  Pariser Platz og Brandenburger Tor, som er like viktig for tyskarane som Triumfbogen er for franskmennene. Vi avsluttar guidinga ved Riksdagsbygningen, som er sete for den tyske riksdagen, først i tidsrommet 1894 til 1933, og så etter Tysklands samling frå 1991.

    Etter guidinga er det tid for lunsj på eiga hand før vi sjekkar inn på romma våre, slappar litt av før Erik Fosnes Hansen og Rasmus Sunde tek med gruppa på ei kort guida byvandring der vi blant anna skal sjå Jüdische Friedhof, med ei skulpturgruppe av Will Lammert. Til slutt endar vi opp i det vakre området Hackesche Höfe der restauranten vår ligg. Her får vi servert ein tre-retters middag i eit lokale berre for gruppa vår, og Erik Fosnes Hansen held det første kåseriet sitt med tittelen Landet med de mange landene. Han vil fortelje om den historiske utviklinga av Tyskland som var inndelt i mange småstatar fram til rikssamlinga i 1871. Fosnes Hansen vil også komme inn på dei store forskjellane mellom aust og vest i landet. Etter middagen og kåseriet går vi tilbake til hotella våre.

    (M)

  • Dag 2: Fredag 06. september – Berlins historie

    Etter ein god frukost startar vi dagen på det største hotellet med det andre kåseriet av Erik Fosnes Hansen. Tema denne morgonen blir: Byen med de mange lagene. Her vil han fortelje om Berlins utvikling frå ein liten og ubetydeleg provinsby til rikshovudstad, og frå ein todelt ruinby til ein moderne metropol og hovudstad.

    Etter kåseriet legg Fotefar opp til historisk byvandringa med Erik. (Mogeleg val – byvandring 1. inkl. lunsj )  Vi startar guiding langs den vakre gata Unter den Linden der vi ser og høyrer om dei ruvande bygningane som Staatsbibliothek, ryttarstatuen av Fredrich den store,  Humboldt Universitet, Neue Wache og Zeughaus (Deutsches Historisches Museum),  Kronprinzenpalass, Neue Wache og andre attraksjonar før vi passerer den rikt dekorerte Slottsbrua og kjem inn på Karl-Liebknecht Strasse og fram til Berliner Dom. Dette er den største og flottaste kyrkja i byen, og her får vi også med oss ein orgelandakt. Deretter er det tid for lunsj som er inkludert i denne guida turen.

    Etter lunsj held guidinga fram med besøk på Berliner Schloss. Dette storfelte palasset er rekonstruert i pakt med det gamle slottet frå 1451. Det vart nytta av tyske kongar og keisarar fram til 1918, men vart fullstendig øydelagt under krigen. I dag husar slottet Humbolt Forum, som er eit fantastisk flott museum for verdas kulturarv. Vi stoppa her og kikkar på dette flotte byggverket.

    Vi går så over Slottsplassen til Lustgarten, hagen eller den opne plassen framfor Alte Museum. Vi er på Museumsinsell , ei øy skapt av dei to elvefara til Spree. Denne øya inneheld verdas største museumskompleks og er på UNESCO si verdskulturarvliste. Vi viser og fortel om dei ulike musea Alte Museum,  Neues Museum, Alte Nationalgaleri, Pergamonmuseum og Bodenmuseum.

    Etter vandreturen har deltakarane litt tid på eiga hand, og vi kan anbefale ein tur innom DDR-museet på vegn tilbake til hotellet.

    Deltakarane som ikkje er med på guidinga, har denne dagen til eigne val. Vi kan anbefale busstur gjennom Berlin og/eller båttur på elva Spree. Reiseleiarane orienterer om ulike aktivitetar under infomøtet første kvelden.

    Vi møtest før middagen i konferansesalen på det største hotellet til det andre kåseriet denne dagen med Fosnæs Hansen med tittelen: Babylon Berlin. Her vil han snakke om tysk og berlinsk kulturliv frå Goethe til Heine, frå Brecht til Nina Hagen og til dagens kulturscene.

    Etter kåseriet kan ein også denne kvelden velje om ein vil ete middag på eiga hand eller bli med Fosnes Hansen og reiseleiarane på ein god restaurant. Denne middag dag 2 inneber ein tre-retters middag i eit lokale berre for gruppa. Det blir litt guiding på vegen til restauranten. Under middagen legg vi opp til ein triveleg kveld der vi hygger oss, og Erik Fosnes Hansen og historikaren Rasmus Sunde frå Fotefar underheld litt med historier og dikt. Denne middagen må bestillast på forhånd.

    (F) 

  • Dag 3: Laurdag 07. september – Tur til Potsdam

    Denne dagen blir det foredrag i bussen på ei Dagsutflukt til Potsdam med Erik Fosnes Hansen. Dagens tema blir: Tysklands samuraier. Her vil han ta for seg kor mykje Preussen og prøysserane har hatt å seie for samlinga av Tyskland, frå Fredrik den store til Wilhelm II. Denne må bestillast på forhånd.

    På vegen til Potsdam eller på returen køyrer vi gjennom Karl-Marx-Allée, kikkar på East Side Gallery med restane av Berlin-muren, den nedlagde flyplassen Tempelhof der vi ser minnesmerket over dei allierte pilotane som omkom i samband med luftbrua under Berlinblokaden i 1948-49. Vi får dessutan ein kort stopp ved Olympiastadion, der dei olympiske leikane vart arrangerte i 1936.

    Bussen køyrer også innom Wannsee, der vi kan sjå villaen der den forferdelege Wannseekonferansen fann stad den 20. Januar 1942. Her bestemde Reinhard Heydrich, Adolf Eichmann og 13 andre frå SS og etterretningstenesta å utrydde den jødiske folkegruppa i Europa.

    Vel framme i den vakre byen Potsdam besøker vi det berømte slottet Sanssouci. Namnet er fransk og tyder utan sorg. Det imponerande rokokkoslottet er frå 1745 og var Preussen sitt svar på franskmennene sitt slott i Versailles. Kong Fredrik den store gjorde sjølv skisser til bygningen og den vakre hagen. I gamlebyen i Hollændisches Viertel hygger vi oss med ein god lunsj. Deretter får vi med oss Cecilienhof Slott, der Stalin, Truman og først Churchill, og deretter Attlee møttest sommaren 1945 for å avtale oppdelinga av Europa etter krigen. Dette viktige møtet blir kalla Potsdam-konferansen.

    Til slutt kikkar vi på Potsdams Brandenburger Tor og den imponerande Nikolaikirche før vi returnerer til hotellet vårt.

    Ekskursjonen og guidinga med Erik Fosnæs Hansen til Potsdam, inkludert lunsj må bestillast på forhånd av turen til Berlin. Pris pr. person kr 1450.

    Deltakarane som ikkje er med til Potsdam har denne dagen til eigne val. Vi kan anbefale busstur gjennom Berlin og/eller båttur på elva Spree. Reiseleiarane orienterer om ulike aktivitetar under infomøtet første kvelden.

    Om kvelden kan det vere mogleg å få med seg ein klassisk konsert, og det vil difor vere middag på eiga hand. Fotefar undersøker kva konserttilbod som finst denne kvelden og informerer deltakarane.

    (F) 

  • Dag 4: Søndag 08. september – Opplegg i Berlin

    Etter frukost startar vi dagen med eit nytt kåseri med Erik Fosnes Hansen. Tema denne dagen blir: Nulte time. Her vil han snakke om tida 1945-1991: Berlin var då ein delt by i eit delt land, og deretter eit samla land som framleis er delt.

    Berlin vart ein symbol på den delte verda under den kalde krigen, der muren delte byen og landet i aust og vest. Tyskland som heilskap vart seinare samla, men bar framleis preg av denne delinga. Muren som delte Berlin var ein fysisk manifestasjon av den ideologiske skiljelinja mellom aust og vest, og symboliserte den intense spenninga og rivaliseringa mellom dei to politiske blokkene, nemleg den austlege kommunistiske blokka, leia av Sovjetunionen, og den vestlege kapitalistiske blokka, leia av USA.

    Denne dagen blir det også byvandring med Erik Fosnes Hansen. (Mogeleg val – byvandring 2 inkl. lunsj )  

    Vi går samla til Bebelsplatz ved Unter den Linden der guidinga denne dagen startar. Plassen er spesielt kjend for bokbrenninga her den 10. mai 1933 då nazistane brende over 20 000 bøker som ikkje fall i smak hjå dei nye herskarane.

    Guidinga med Fosnes Hansen held fram når vi kjem til den flotte, opne plassen Gendarmenmarkt med det imponerande Konzerthaus og dei to kyrkjene Deutscher Dom og Französischer Dom på kvar si side. Her blir det lagt inn lunsj som er inkludert i dette valet.

    Vi går vidare til verdskjende Checkpoint Charlie, som var sentral under delinga av Tyskland og den kalde krigen. Her er det mange illustrasjonar og foto frå etterkrigstida, og vi gir oss god tid her. Like ved ligg museet Topographie des Terrors. Under krigen låg nokre av nazistane sine mest skremmande organisasjonar som SS her. I området får vi med oss restane av Berlinmuren, Gørings Luftwaffe, den opne plassen over bunkeren til Hitler før vi stoppar og går inn på Holocaust Memorial, som er eit stort minnesmerke over jødane som vart drepne av nazistane. Til slutt endar vi opp ved Brandenburger Tor.

    På veg tilbake til hotellet kan ein gjerne sette seg ned på ein kafe, ta ein kopp kaffi eller noko godt i glaset og kikke på folkelivet.

    For dei som ikkje er med på den guida turen, kan vi anbefale busstur gjennom Berlin og/eller båttur på elva Spree. Reiseleiarane orienterer om ulike aktivitetar denne dagen under infomøtet første kvelden.

    Før middag blir det eit nytt kåseri på hotellet av Erik Fosnæs Hansen med emnet En flyktning krysser sitt spor. Her vil han snakke om Willy Brandt, om Berlin som fekk ein norsk borgarmeister og Tyskland som fekk ein norsk forbundskanslar. Han vil også komme inn på forholdet mellom Norge og Tyskland før og no.

    Etter kåseriet kan ein også denne kvelden velje om ein vil ete middag på eiga hand eller bli med Fosnes Hansen og reiseleiarane på ein god restaurant. Denne middag dag 3 inneber ein tre-retters middag i eit lokale berre for gruppa. Det blir litt guiding på vegen til restauranten. Under middagen legg vi opp til ein triveleg kveld der vi hygger oss, og Erik Fosnes Hansen og reiseleiarane frå Fotefar underheld litt med historier og dikt. Denne middagen må bestillast på forhånd. 

    (F) 

  • Dag 5: Måndag 09. september - Berlin, TV-tårnet og heimreise

    Etter ein god frukost blir det guida tur med Erik Fosnes Hansen og Rasmus Sunde. Vi startar ved Berliner Schloss og går langs Karl Liebknechts Strasse der vi kikkar på Nikolaikyrkja frå ca. 1250 før vi kjem inn på den kjende Alexanderplatz. Like ved finn vi det ruvande TV-tårnet på 368 meter. Vi tek heisen opp og får ei fantastisk utsikt over Berlin. Mogeleg val for turen til TV-tårnet kr. 245.

    Deretter går vi samla til Humbolt Forum og kjøper oss ein god lunsj der før vi går tilbake til hotella våre, sjekkar ut og bussen tek oss til flyplassen sein ettermiddag for heimreisa til Oslo.

    (F)

  • 3 * hotell marta | Hotel Albrechtshof Berlin 

    Hotel Albrechtshof er eit 3-stjerners hotell som ligg midt i byen og kombinerer historisk eleganse med moderne komfort. Berre eit steinkast unna finn du Spree-elva og Friedrichstraße.

    4 * hotell Leonardo Royal Hotel Berlin Mitte 

    Leonardo Royal Hotel Berlin Mitte er eit 4-stjerners hotell med moderne design og komfortable rom. Det ligg i Mitte-distriktet, ved sidan av Spree-elva og Friedrichstraße. Her har vi òg møterom for forelesningar med Erik Fosnes Hansen. 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/9OsloBerlin 3* hotellMeir enn 816 950,-BestillMer informasjon
5/9OsloBerlin 4* hotellMeir enn 820 950,-BestillMer informasjon
5/9BerlinBerlin 3* hotell
Utan fly
Meir enn 814 950,-BestillMer informasjon
5/9BerlinBerlin 4* hotell
Utan fly
Meir enn 818 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo